|  
Full fart i RIB-båt med Norway Active Foto: Flåm Guideserviec

Turforslag på Voss

Voss ligg sentralt plassert mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden "i hjarta av Fjord Noreg", og er eit utmerka utgangspunkt for å utforske regionen.

Du har mange alternativ om du vil utforske Vossaområdet. Har du eigen bil er det fleire dalføre og område som inviterer til oppdagingsferd. Ynskjer du å lata bilen stå, kan du bli med på ein av dei mange arrangerte rundturane som inviterer til ulike aktivitetsnivå.

Norge i et nøtteskall®

  • Voss – Gudvangen – Flåm – Myrdal – Voss
  • Type: Arrangerte rundturar
  • Reisetid: Dagstur

Dette er ein verdskjend rundtur som går gjennom noko av det vakraste landskapet me har på Vestlandet. Her får du med deg ein tur med den velkjende Flåmsbana, eit cruise i Nærøyfjorden og busstur gjennom vakre Nærøydalen via Stalheimskleiva til Voss. Nærøyfjorden og Nærøydalen fekk i 2005 verdsarvstatus. Rundturen kan gjerast begge reiseretningar og går heile året.

Reisefakta

  • Organisering av turen: Du følgjer reiseruta på eiga hand etter samansatte rutetabellar som gjev rom for at du sjølv veljer kor god tid du vil ta deg. Om du har spørsmål i løpet av rundturen, kan du henvende deg tilsette på bussen, båten eller toget. I Flåm så finn du òg ein turistinformasjon.
  • Avgang: Anbefalt avgang klokka 08.30 med tog eller klokka 10.00 med buss frå Voss stasjon.
  • Retur: Tilbake på Voss klokka 16.50 eller klokka 18.14.
  • Kjøp billett: Billettar kan kjøpast på førehand eller reisedagen ved Voss Turistinformasjon eller Voss stasjon når du kjem til Voss.

Norway Active

  • Voss – Myrdal – Flåm – Gudvangen – Voss
  • Type: Arrangerte rundturar
  • Reisetid: Dagstur

Norway Active tilbyr rundturar for aktive menneske. Du kan oppleve dette området frå sykkel og med ribbåt på fjorden. I tillegg har du mulighet for å inkludere rafting på Voss som ein del av turen. Du kan velje mellom tre ulike variantar:

  • Basic Tour
  • Standard Tour
  • Full Package

Merk: Det er òg mulig å vere med på desse turane med start frå Bergen.

Heritage Adventures

  • Voss – Myrdal – Flåm – Gudvangen – Voss
  • Type: Guida rundturar
  • Reisetid: Dagstur

Heritage Adventures tilbyr guida rundturar i Nærøyfjorden verdsarvområde. Her vil då få eit nært møte med naturen, kulturen og menneska som er med på å gje området særpreg.

Merk: Turane har òg start frå Bergen og Flåm.

Explore Hardangerfjord

  • Voss-Ulvik-Eidjford-Ulvik-Voss
  • Type: Arrangert rundtur
  • Reisetid: Dagstur

I perioden 1. mai - 30. september kan ein reise på dagstur frå Voss til vakre Hardanger. Turen går med buss frå Voss til Ulvik og deretter med båt på Hardangerfjorden frå Ulvik til Eidfjord.

I Eidfjord kan ein ta ein tre timars sightseeing som mellom anna omfattar Hardangervidda Natursenter og buss til Fossli med god utsikt til Vøringsfossen. Billett til sightseeingturen kjøper du på båten. Båt tilbake til Ulvik og buss til Voss.

Reisefakta

  • Organisering av turen: Du følgjer reiseruta på eiga hand etter samansatt rutetabell. Om du har spørsmål i løpet av rundturen, kan du henvende deg til dei tilsette på bussen og båten. I Ulvik og Eidfjord så finn du òg turistinformasjonar.
  • Avgang: kl 10.05 med buss frå Voss Stasjon
  • Retur: kl 16.30 Voss Stasjon

Merk: Variantar av turen går frå Oslo, Bergen og med ulike avgangar frå Hardangerområdet.

Sist oppdatert:  05. april 2011

Interesse:  Forslag til turer

Del:
Lukk
Del med andre
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Full fart i RIB-båt med Norway Active - Foto: Flåm Guideservice

Turforslag på Voss

Voss ligg sentralt plassert mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden "i hjarta av Fjord Noreg", og er eit utmerka utgangspunkt for å utforske regionen.

Turforslag på Voss

Kilde:: Visit Norway

Del dine meninger om denne artikkelen

Relatert

Rundtur i hjertet av fjordene

Her er severdighetene mange. Du trenger en uke på denne turen.
Interesse: Forslag til turer, Fjell og fjorder

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.
Interesse: Turistinformasjon

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med nær 14 000 innbyggjarar.

ANNONSER

Voss

Natt
Sludd, Flau vind
-2°C

Relaterte filmer

Relatert

Forslag til turer

ANNONSER

TEKSTANNONSER