|  
Familiemoro på Voss Resort, Norge Foto: Gaute Helland

Vinteraktivitetar på Voss

Voss har tradisjonar, idrettsstjerner og utfordrande, vakker vestlandsnatur. Dei to skianlegga er drivkrefter for ei stadig utvikling av vinter-Voss.

Alpint og snowboard

Voss kan kallast Vestlandet sitt skimetropol, med løyper for heile familien. Dei varierte fjellområda på Voss er som skapt for vintersport og det er ikkje utan grunn at Voss er den staden i verda som har hatt flest deltakarar i vinter-OL, sett i høve til folketalet.

På Voss kan du stå på ski i to skianlegg: Voss Resort og Voss Fjellandsby Myrkdalen.
I dei to skianlegga finn du gode bakkar for nybyrjarar og krevjande terreng for dei beste. I tillegg til skisentra er det mange muligheter for langrenn og turgåing vinterstid på Voss.

Voss Resort
I eit samla, komplett heis- og løypenett finn du eit av dei mest tradisjonsrike skisentra i landet. Voss Resort ligg i Bavallen, berre fem kilometer frå Voss sentrum. Det går buss frå Voss til Bavallen kvar dag.

Her er litt for alle. Enkelt eller krevjande, velpreparert eller flotte offpiste-område. Og mellom turane; tre kaféar/varmestover.

Løypekart Voss Resort

Voss Fjellandsby – Myrkdalen
Myrkdalen ligg ein 25 minuttars køyring frå Voss sentrum og er eit av dei mest snøsikre områda i Noreg. I Voss Fjellandsby finn du heisar og løyper som passer for heile familien.

Løypekart Myrkdalen

Skifakta

Voss Resort Voss Fjellandsby Myrkdalen
Løyper i km 40 17,5
Grøne løyper 6 2
Blå løyper 6 5
Raude løyper 5 6
Svarte løyper 3 2
Løyper med snøkanon 3 3
Terrengparkar 1 1
Kveldskøyring Ja Ja
Heisar 12 + gondol 7


For borna

På Voss Resort ligg Badnakrokjen plassert rett ved kaféen Storastova på Slettafjellet. Her er det eit lite skitrekk, og flott terreng for leik og moro saman med andre born. I helgene og skuleferiane vert det arrangert skirenn.

Voss Fjellandsby Myrkdalen har aktivitetar for born i helgene og feriar. For born 3-12 år vert det arrangert skirenn, køyring med kjelke, tautrekkjing og musikkleik. Det er eige barnetrekk og skiband for dei minste.

Heiskort

I Voss kjøper du heiskort på kvart skisenter, Voss Resort eller Voss Fjellandsby Myrkdalen. Keycard må kjøpes for seg.

Priseksempel for sesongen 2010/2011

Voss Resort Voss Fjellandsby Myrkdalen
Heiskort Vaksne: Unge (8 - 15 år): Vaksne: Unge (7 - 15 år):
1 dag 355 kr 265 kr 340 kr 250 kr
3 dagar 870 kr 650 kr 810 kr 620 kr
6 dagar 1 420 kr 1 065 kr 1 325 kr 995 kr


Skiutleige og skiskule

Båe skisentra har skiutleige og -skule; Voss Resort Skiskule og Voss Fjellandsby Skiskule.

Skiskulane tilbyr kurs i ulike skiaktivitetar:

Voss Resort Voss Fjellandsby Myrkdalen
Alpint Alpint
Telemark Telemark
Snowboard Snowboard
Carving Carving
Park-køyring Jibbing
Off-piste Freestyle
Freeride Kiting
Langrenn Langrenn


Turar og kurs

Off-piste turar med guide vert arrangert i båe skisentra. For booking, kontakt:

Voss Resort tilbyr skiturar med guide, på alpinski eller langrenn. For booking, send e-post til skishop@vossresort.no eller ring 959 82 065.

Sit-ski kurs er skikurs for funksjonshemma på Voss Fjellandsby Myrkdalen. For booking, send e-post til skiskule@vossfjellandsby.no eller ring 959 93 535.

Se video frå Myrkdalen i Voss:


Vinter utan ski

Aktivitet: Kontakt: Minimum tal personar*:
Guida turar Voss Rafting Senter 3 personar
Høgdeløype Voss Rafting Senter 6 - 8 personar
Rapellering Voss Rafting Senter 6 - 8 personar
Boblebad og badestamp Voss Rafting Senter 8 personar
Norway in a nutshell® 
(Rundtur)
Voss Tourist Information or Fjord Tours 1 person
Sightseeing i helikopter Fonnafly/Voss Helikopter 5 personar
Tandem paragliding Voss hang- og paragliderklubb, tlf. 915 86 011 1 person
Guida tur på Mølstertunet 
og Voss Folkemuseum
Voss Folkemuseum 1 person
Hest og slede  Voss Hest og Fjelliv, tlf. 56 51 05 20 5 personar

*Aktivitetane kan og arrangerast for mindre grupper på førespurnad.

Langrenn

Område: Løype: Lengde: Høgdeforskjell:
Voss Ski & Tursenter Herresåsen 11,3 kilometer 127 meter
Voss Ski & Tursenter Skutleåsen 2,6 kilometer 207 meter
Voss Ski & Tursenter Sonvesåsen 2,1 kilometer 46 meter
Voss Ski & Tursenter Djupåsen 5 kilometer 72 meter
Voss Ski & Tursenter Nonshaugane 4,5 kilometer 43 meter
Voss Fjellandsby Åmotslia konkurranseløype 4,9 kilometer 96 meter
Voss Fjellandsby Åmotslia til Myrkdalen 4,7 kilometer 226 meter
Voss Resort Gamle Lysløypa/Voss Resort 6 kilometer 46 meter
Voss Resort Raugstad 3,4 kilometer 300 meter
Voss Resort Løype via Raude Kross-hytta 8,4 kilometer 130 meter


Nytt for vinter-Voss

VM i Freestyle på Voss i 2013: Voss har fått tildelt VM i Freestyle 2013 og konkurransar innan freestyle-sporten vil ta plass både i Voss Resort og Voss Fjellandsby. Følg med!

Sist oppdatert:  09. november 2011
Voss Fjellandsby, Norge - Foto: Per Berge/Voss Fjellandsby
Voss Fjellandsby, Norge
Voss Fjellandsby, Norge - Foto: Per Berge/Voss Fjellandsby
Voss Fjellandsby, Norge

Interesse:  Ski

Del:
Lukk
Del med andre
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Familiemoro på Voss Resort, Norge - Foto: Gaute Helland

Vinteraktivitetar på Voss

Voss har tradisjonar, idrettsstjerner og utfordrande, vakker vestlandsnatur. Dei to skianlegga er drivkrefter for ei stadig utvikling av vinter-Voss.

Vinteraktivitetar på Voss

Kilde:: Visit Norway

Del dine meninger om denne artikkelen

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.
Interesse: Turistinformasjon

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med nær 14 000 innbyggjarar.

ANNONSER

Voss

Natt
Sludd, Flau vind
-2°C

Relaterte filmer

Relatert

Ski

ANNONSER

TEKSTANNONSER