Voss kan kallast Vestlandet sitt skimetropol, med løyper for heile familien. Dei varierte fjellområda på Voss er som skapt for vintersport og det er ikkje utan grunn at Voss er den staden i verda som har hatt flest deltakarar i vinter-OL, sett i høve til folketalet.
Her er litt for alle. Enkelt eller krevjande, velpreparert eller flotte offpiste-område. Og mellom turane; tre kaféar/varmestover. Løypekart Voss Resort (PDF - 7mb).
Myrkdalen ligg ein 25 minuttars køyring frå Voss sentrum og er eit av dei mest snøsikre områda i Noreg. I Voss Fjellandsby finn du heisar og løyper som passer for heile familien. Løypekart Voss Fjellandsby (PDF - 2mb).
For borna
I Voss Resort finn du tre forskjellige barneområder. To av områdene, Badnakrokjen og Grebbesbakken, er gratis. I helger og ferier arrangeres skiløp og andre barneaktiviteter i Badnakrokjen som er plassert rett ved kaféen Storastova på Slettafjellet.
Voss Fjellandsby Myrkdalen har eit eige barnetrekk og skiband for dei minste. Dei tilbyr aktiviteter for barn i helgene, i feriene og på forespørsel. Skirenn for barn i alderen tre til 12 kan ordnes, samt aktiviteter uten ski som aking, tautrekking, ansiktsmaling og musikkspill.
Heiskort
På Voss kjøper du heiskort på kvart skisenter, Voss Resort eller Voss Fjellandsby Myrkdalen. Keycard må kjøpes for seg. Sjå heimesidene til skisentra for prisar på heiskort:
Voss Resort
Voss Fjellandsby Myrkdalen
FjordTours pakketilbod: transport og dagskort til skianlegga. Pakketilbod med transport til og frå Bergen og skibillett til Voss Resort eller Voss Fjellandsby Myrkdalen. Pris: 520 NOK per vaksen. Merk: eigne borne, ungdom, og student prisar. For meir informasjon og booking, sjå FjordTours.no
Skiutleige
Begge skianlegga har skiutleige. Dei kan tilby støvler, ski, staver og snøbrett for både born og vaksne.
Skiskule
Dei to anlegga har og skiskule; Voss Resort Skiskule og Voss Fjellandsby Skiskule . Skiskulane tilbyr instruksjon for folk i alle aldre, både på engelsk og på norsk. Instruktørane kan lera deg alpint, telemark, snowboard, langrenn og meir. Her finn ein instruksjon for både nybegynnere og meir erfarne.
Turar og kurs
Off-piste turar med guide vert arrangert i båe skisentra. For booking, kontakt:
Voss Resort tilbyr skiturar med guide, på alpinski eller langrenn. For booking, send e-post til skishop@vossresort.no eller ring 959 82 065.
Sit-ski kurs er skikurs for funksjonshemma hjå Voss Fjellandsby Myrkdalen. For booking, send e-post til skiskule@vossfjellandsby.no eller ring 959 93 535.
Sjå video frå Myrkdalen
Vinter utan ski
Det er nok å gjera på Voss utan ski, og her er eksempel på andre vinteraktiviteter:
• Guida turer
• Utendørs jacuzzi og badstue
• Norge i et nøtteskall ®
• Sightseeing i helikopter
• Tandem paragliding
• Omvisning på Mølstertunet og Voss Folkemuseum
• Hest og slede
• Vindtunnel
Vær oppmerksom på at nokre av aktivitetane i utgangspunktet berre er tilgjengelege for større grupper, men at dei kan verta organisert for enkeltpersoner/mindre grupper på førespurnad. Nokon av aktivitetane må forhåndsbestilles.
Langrenn
Om du ynskjer å gå på langrenn på Voss kan du nyte preparerte langrennsløyper fleire steder. I tillegg til dei to skistedene Voss Resort og Voss Fjellandsby, kan du benytte Voss Ski & Tursenter mange løyper. Sjå ein oversikt over nokon av løypene på Voss.
Nytt for vinter-Voss
Voss har fått tildelt VM i Freestyle 2013 og konkurransar innan freestyle-sporten vil ta plass både i Voss Resort og Voss Fjellandsby. Følg med!