|  
Vandring i Voss, Norge Foto: Stig Hernes/Voss Resort

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med over 14 000 innbyggjarar.

Turisme på Voss gjennom tidene

Voss har frå gamalt av vore eit trafikknutepunkt. Forsvaret la eksersisplassar her og vidaregåande skular av mange slag gjorde bygda til ein skulestad. Mot slutten av 1800-talet vart dei første små industribedriftene grunnlagde. Vegar og jernbane og dei mange hotella og overnattingsstadene gjorde det mogeleg å utvikle bygda til ein turiststad.

Dei fyrste turistane som kom til Voss i midten av 1800-talet var britar som kom for å fiske laks, gå turar i fjella og drive med fjellklatring. Ein forstod tidleg at turisme er ei næring Voss bør satsa på og alt i 1929 nemnde formannskapet opp Voss Turistnemnd som hadde som formål å fremja reiselivet og gjera Vossabygda kjend i Noreg og utlandet.

Etter 2. verdskrig gjekk utviklinga fort, skitrekket i Bavallen vart opna i 1949 og denne utbygginga skapte ringverknader ut i Vossa-grendene. I dag er reiseliv ein av dei viktigaste næringsvegane på Voss.

Næringsliv og regionsenteret Voss

Jorda og skogen har tradisjonelt vore det viktigaste næringsgrunnlaget på Voss. Gras, kjøt og mjølk dominerer i dag produksjonen. Handel, turisme og dessutan ulik tenesteyting er likevel dei næringane som gjev arbeid til største delen av dei som bur i kommunen.

Voss er eit regionsenter for indre Hordaland og bygda fungere som ein småby med butikkar i dei fleste bransjar og ei rekkje serveringsstader. Butikkane ligg stort sett plassert i sentrumsgatene på Vangen eller over Langebrua i kjøpesenteret Amfi Voss.

Landskapet

Landskapet på Voss er forma gjennom millionar av år ved at hav, brear og elvar har tært på fjellet og grave ut store og små dalar. For ca. 9.000 år sidan forsvann det meste av isen frå landet vårt. Alle dei store moane i Voss er danna av breelvar, og er avsette i havet eller i store breinnsjøar.

Voss ligg ca. 57 meter over havet, noko som overraskar mange når dei står midt i fjellbygda vår. Opplevingane turistane søkjer på Voss er sterkt knytt til landskapet som er dominert av fjell, skog- og jordbrukskledde dalsider, fossar, elvar og vatn.

Fleire av aktivitetsbedriftene på Voss har funne næringsveg gjennom å tilby opplevingar i nettopp dette landskapet, slik som rafting eller elvepadling i Strandaelva, padling i havkajakk på Lønavatnet, hesteridning i Stølsheimen, parasailing over Vangsvatnet, sykling på Hanguren eller ski-køyring i Myrkdalen.

Område med særpreg

Voss kommune har fleire dalføre der turistar kan oppleve variert landskap, grender med særpreg og  tilhøyrande natur- og kulturarv:

Myrkdalen og Voss Fjellandsby
Myrkdalen ligg ca. 30 km nord-aust for Voss sentrum om ein følgjer gjennomgangsruta RV 13 mot Vik i Sogn.  Voss Fjellandsby står bak størsteparten av utviklinga og utbygginga som har prega Myrkdalen i seinare tid og er eit av dei to skianlegga på Voss (også Voss Resort nær sentrum).

Fram til no har utviklinga vore prega av ei utbygging av hytter og skianlegg, men målet over fleire år er å skape ein heilårsdestinasjon med aktivitetar, overnatting, servering, butikkar og elles det turistar søkjer når dei er på ferie.

Allereie no kan turistar overnatte på hotell eller i hytte både sommar og vinter og oppleve naturområdet Myrkdalen som inviterer til aktivitetar i naturen. Herfrå er ikkje vegen lang til Vikafjellet eller Stølsheimen som er kjende turområde både sommar og vinter og det er kun ein 25 minuttars køyring til Voss sentrum.

Stalheim og Oppheim
Områda Stalheim og Oppheim ligg langs stamvegen E16, ein 25-30 km aust for Voss sentrum. Mest kjend er Stalheimsområdet, som er tilknytt Nærøydalen. Dette området, Nærøydalen og Nærøyfjorden, er no på UNESCO si verdsarvliste og er rekna som eit av dei villaste og mest storslagne fjordlandskap i verda.

Stalheimskleiva, Sivle- og Stalheimsfossen, Det historiske Stalheim Hotel, forfattaren Per Sivle og den kjende ”Norge i eit Nøtteskal” turen er grunnar til at om lag 300 000 turistar frå heile verda kvart år legg reiseruta si om Stalheim.

5-10 minutt nærare Voss ligg Oppheim, ei roleg og grend som ligg idyllisk plassert ved Oppheimsvatnet. Herfrå tek det kun ein 25 minutt å køyre til Voss sentrum.

Raundalen og Mjølfjell
Dalen austover frå Voss langs Bergensbanen heiter Raundalen og strekkjer seg ca. 40 km, forbi Mjølfjell og oppover til Upsete. Frå Upsete fortset den kjende sykkelruta Rallarvegen til Mjølfjell og deretter bygdevegen tilbake til Voss. Raundalen og Mjølfjell er flotte område for friluftsliv og naturopplevingar, med sine djupe gjel, store skogsareal og snaue fjell.

Evanger og Bolstad (E16 vest for Voss sentrum)
Evanger (20 km frå Voss sentrum) og Bolstad (30 km frå Voss sentrum) ligg langs E16 og har eigne stasjonar langs Bergensbanen. I desse grendene kan turistar nyte stillhet og fred i rolege omgjevnader.

Evanger kan skildrast som ein liten landsby og sentrum her har eit eige særpreg som er underlagt vern som bygningshistorisk miljø og kulturminne. På Evanger finn du ein nærbutikk, verkstad kafé og ein brukt-/antikkforretning.

Bolstad ligg ein 10 mins køyretur, eller eit stopp vidare med tog frå Evanger og er den einaste staden Voss har tilgang til sjø i eigen kommune. Nede ved fjorden er det tilrettelagt eit friluftsområde med badeplass og sandvolleyballbane.

Voss sentrum og Voss Resort
Sentrumsområdet utgjev turistsenteret på Voss. I sentrum, eller ”på Vangen”, ligg Voss Turistinformasjon der turistar kan få hjelp til å planlegge oppholdet sitt på Voss, bestille overnatting og aktivitetar. Sentrum er òg utgangspunktet for dei fleste av aktivitetar, Voss stasjon er utgangspunktet for ei rekkje rundturar,  i tillegg til at handelssenteret i bygda ligg her.

Voss Resort ligg i Bavallen, ca. 5 km frå sentrum, og er det eine av dei to skianlegga på Voss. I likskap med Voss Fjellandsby i Myrkdalen, så satser dei her på heilårsdrift og tilbyr overnatting i hytter eller leilegheiter heile året.

Om sommaren kan turistar kan oppleva Hangursbanen gondolbane som tek ein opp til flotte tur- og sykkelområde på Hanguren og ein kafé med utsikt over Voss. Tilgang til Hangursbanen er kun ein 10 min gange frå Voss sentrum.

Kjelder: Vegvisar for Voss 2004-2007, Voss Kommune, Voss Guide

Sist oppdatert:  22. mai 2012
Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Vandring i Voss, Norge - Foto: Stig Hernes/Voss Resort

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med over 14 000 innbyggjarar.

Fakta om Voss

Kilde:: Visitnorway

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.

ANNONSER

Voss

Kveld
Sol/skyfritt, Lett bris
16°C

Aktuelle filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER