Gå til innhold Gå til hovedmeny
Toget ved Lundarosen ved Voss - Foto: Svein Ulvund
  |  
Toget ved Lundarosen ved Voss Foto: Svein Ulvund

Korleis koma til Voss

Det er enkelt å koma til Voss med bil, tog og buss. Voss ligg litt over ein times reise frå Bergen, langs E16 og rv. 13 i vegnettet sør i Noreg.

Innfallsportar med fly, buss eller båt

Bergen er hovudinnfallsporten for ankomstar  til Vestlandet med fly, buss eller båt, både frå Noreg og utlandet. Om ein er på rundreise, så er det fleire stader ein kan koma seg vidare til Voss med offentleg transport. Her er ei liste over nokre innfallsportar:

Korleis koma til Bergen

Med fly
Direkte ankomstar frå fleire norske lufthavner. For ruter og flyselskap, sjå Avinor sine heimesider for Bergen lufthavn Flesland.

Med ekspressbuss til Bergen
For avgangar og ruter, sjå Norway Bussekspress.

Med båt til Bergen
Alternative rederi er Fjord1 og Tide Båt, eller Hurtigruten

Korleis koma til Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, eller "i hjarta av Fjord Noreg" midt mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, ca. 100 kilometer aust for Bergen.

Voss er eit knutepunkt i det at stamvegen (E16) mellom Bergen og Voss i vegnettet aust/vest går gjennom kommunen og det gjer også innlandsruta rv. 13 sør/nord.

I tillegg er Voss ein sentral stopp langs Bergensbanen (tog strekninga mellom Oslo og Bergen) og for ekspressbussar og rutebussar i regionen elles.

Med bil Bergen – Voss
Rute: E16 Arna, Dale
Kilometer (cirka): 100
Tid (cirka): 1 time 20 minutt

Med bil Oslo – Voss
Rute: E16 Filefjell
Kilometer (cirka): 420
Tid (cirka): 7 timar

Rute: Fv. 52 via Hemsedal; Gol - Borlaug
Kilometer (cirka): 396
Tid (cirka): 6 timar 30 minutt

Rute: Fv. 50 Hol - Aurland
Kilometer (cirka): 382
Tid (cirka): 6 timar

Rute: Rv. 7 Hardangervidda
Kilometer (cirka): 380
Tid (cirka): 6 timar

Med tog
Voss er ein sentral stopp langs Bergensbanen på togstrekningen Oslo-Bergen.

Distanse Tid
Bergen - Voss 1 time og 15 minutt
Oslo - Voss 6 timar
Flåm – Myrdal – Voss 1 time og 45 minutt


Det er mange daglege avgangar til Voss frå både Oslo og Bergen. For kjøp av togreise, rutetabellar, prisar eller anna informasjon, gå til NSB si heimeside eller kontakt NSB kundesenter på telefon 815 00 888.

Det er og ei lokalrute Bergen – Voss – Myrdal, sjå NSB si heimeside. For tog mellom Flåm og Myrdal, sjå rutetider for Flåmsbana

Med buss
Gjennomgangsbussar som stoppar på Voss har stopp ved destinasjonar slik som Sogndal, Flåm, Gudvangen, Ulvik.

Ekspressbussar med stopp eller samband med Voss:

Bussrute Distanse
Sognebussen Bergen – Voss – Sogndal
Øst-Vestekspressen Bergen – Voss – Lillehammer
Haukeliekspressen (byte av buss i Odda) Oslo – Åmot- Haukeli – Odda – Bergen via Hardanger


For rutetabeller, prisar og annan informasjon sjå Nor-Way Bussekspress.

Med turistbåt og offentleg transport
Er du på rundreise i Noreg utan bil, så er det fleire turistbåtar som legg til hamn ved destinasjonar der du enkelt kan koma deg vidare til Voss i kombinasjon med buss eller tog.

Dette gjeld mellom anna for Bergen, destinasjonar i Sogn og Fjordane slik som Vik i Sogn, Sogndal, Flåm, Gudvangen og destinasjonar i Hardanger slik som Ulvik og Norheimsund.

Alternative rederi er Fjord1Tide og Hurtigruten.   

Med offentleg transport på Voss
Om du ikkje har eigen bil, så er det buss eller tog som gjeld dersom du vil utforske Vossaområdet og regionen elles.

For tog kan du kontakte NSB for detaljar. Søk på stasjon eller sjå lokalrute Bergen – Voss – Myrdal. 

For buss kan du kontakte Skyss for meir informasjon.

Turistinformasjonen kan hjelpe med forslag til reiseruter dersom du ynskjer å utforske Voss utan bil.

Bestill transport og overnatting nå

Laveste pris garanteres av BookNorway.

  • Fly
    Søk blant alle flyvninger i Norge.
  • Leiebil
    Søk etter leiebil og sammenlign priser på alle norske reisemål.
  • Hytter og feriehus
    Søk blant mer enn 2500 hytter og feriehus.
  • Hoteller
    Søk etter hotell i hele Norge.
 

Oppføringer for Voss

Finn tilbydere og kontaktinformasjon
Sist oppdatert:  2. august 2012
Ta toget til Voss - Foto: Ekstrem Utvikling AS
Ta toget til Voss

Interesse:  Transport

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Toget ved Lundarosen ved Voss - Foto: Svein Ulvund

Korleis koma til Voss

Det er enkelt å koma til Voss med bil, tog og buss. Voss ligg litt over ein times reise frå Bergen, langs E16 og rv. 13 i vegnettet sør i Noreg.

Korleis koma til Voss

Kilde:: Visitnorway

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med over 14 000 innbyggjarar.

Sponsor

SPONSOR
Se slideshow

Norge i et nøtteskall®

Se vårt lille store land på Norges mest populære rundtur.

ANNONSER

Relaterte filmer

Relatert

Transport

ANNONSER

TEKSTANNONSER