Gå til innhold Gå til hovedmeny
Fleischer's Hotel på Voss - Foto: Fleischer's Hotel
  |  
Fleischer's Hotel på Voss Foto: Fleischer's Hotel

Overnatting på Voss

På Voss kan du velja mellom komfortabelt hotell og høgstandard hytter, fjellstove med særpreg eller enkle campinghytte.

Hotell, vandrarheimer og fjellstover

For overnatting med frukost har du valet mellom hotell med internasjonal standard, vandrarheimar og fjellstover. Fleischer's Hotel ligg i Voss sentrum, er ope heile året og er ein del av "Dei historiske hotell". Park Hotel Vossevangen og Voss Vandrarheim ligg i Voss sentrum og er ope heile året. 

Sjølvhushald på Voss: hytter, feriehus og leilegheiter

Sjølvhushald er eit populært overnattingsval på Voss. Standard varierer i alt frå komfortable høgstandard hytter og leilegheiter som er fullt utstyrt med varmekablar på badet, tv og oppvaskmaskin til campinghytter som er meir sparsamt innreia og utan innlagt vatn. 

I tillegg varierer lokaliseringa av hyttene, i frå større hyttegrender, til klynger på eit gardstun eller eit hus meir tilfeldig plassert i flott natur.

Overnatting i skisenter

Voss har to skisenter som kan by på opplevingar og overnatting heile året. Det sentrumsnære skisenteret Voss Resort tilbyr overnatting i høgstandard hytter og leilegheiter, heile året. Velkomstsenteret ligg i Bavallen, 5 kilometer frå Voss sentrum. Voss Fjellandsby ligg i Myrkdalen 25 kilometer frå Voss sentrum. Her kan du bu i høgstandard hytter og leilegheiter eller i hotel heile året.

Gardsovernatting

På Voss er det mange gardseigarar som har bygd om fleire av gardshusa slik at dei no kan tilby overnatting til besøkande. Unikt med denne typen sjølvhushald, er det at bygningane ofte ligg som del av eit opprinneleg gardstun og ein kan oppleva at det er eit personleg preg over dekoren og innreiinga.

  • Haugo Utleige har rom (med delt bad og kjøkken). Ligg cirka 1,5 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.
  • Eenstunet ferieleiligheter, ligg circa 6 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.
  • Stalheim Fjord og Fjellhytter har hytter på Stalheim, ca 35 kilometer frå Voss sentrum. Ope heile året.

Campingplassar

På campingplassane på Voss, så kan du bu i enkelt innreia hytter or i eigen bubil, campingvogn eller telt.

I Voss sentrum ligg Voss Camping. Ope heile året. I Myrkdalen 25 kilometer frå Voss sentrum ligg Myrkdalen Camping. Ope heile året.

Bestill overnatting og transport nå

Laveste pris garanteres av BookNorway.

  • Hoteller 
    Søk etter hotell i hele Norge.
  • Hytter og feriehus
    Søk blant mer enn 2500 hytter og feriehus.
  • Fly 
    Søk blant alle flyvninger i Norge.
  • Leiebil 
    Søk etter leiebil og sammenlign priser på alle norske reisemål.

 


 


Sist oppdatert:  2012-08-22
Leiligheiter i Voss Fjellandsby  - Foto: Voss Fjellandsby
Leiligheiter i Voss Fjellandsby

Interesse:  Hoteller, Camping, Leiligheter, Hytter og feriehus, Bondegårdsferie, Hostel og pensjonat

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Fleischer's Hotel på Voss - Foto: Fleischer' Hotel

Overnatting på Voss

På Voss kan du velja mellom komfortabelt hotell og høgstandard hytter, fjellstove med særpreg eller enkle campinghytte.

Overnatting på Voss

Kilde:: Visitnorway

Om Voss

Voss

Voss - bygd for sterke opplevingar! I nesten 200 år har Voss teke imot turistar som søkjer aktivitetar basert på natur og kultur.

Turistinformasjon på Voss

Voss Turistinformasjon kan hjelpe deg med å planlegge opphaldet ditt, både før og under reisa og ligg sentralt plassert i Voss sentrum.

Fakta om Voss

Voss ligg sentralt plassert på Vestlandet, langs Bergensbanen og E16 (Oslo – Bergen). Bygda er eit levande regionsenter med over 14 000 innbyggjarar.

ANNONSER

Aktuelle filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER