Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

Bergset-Bergsetdalen-Bergsetbreen

Ein tur som høver godt for familiar med småbarn. Utgangspunktet for denne turen er parkeringsplassen ved Bergset, den fremste garden i Krundalen, Jostedalen.

Frå parkeringsplassen går ruta eit kort stykke på traktorveg og deretter langs ein svært god og tydeleg merka sti innover den flate Bergsetdalen. Stien går først gjennom nokså tett skog, seinare opnar utsynet seg meir og meir mot den dominerande Bergsetbreen, fremst i dalen. Den kryssar fleire småelvar og bekker, som oftast på gode bruer, og går av og til i blautmyr der det er lagt ut trestokkar. I starten er vegetasjonen frodig, men når du kjem nærare breen,vert det mindre og mindre skog og planter. Heilt fremst går stien i grus og stein, men er likevel godt synleg og lett å finne.

I sommarhalvåret er det oppsett varselskilt eit stykke frå foten av Bergsetbreen. Det er svært farleg å passere skilta. Ved Bergsetbreen er det særleg Baklibreen, på nordsida av hovuddalføret, ein må vere merksam på.

Last updated: 03/05/2024

Source: Visit Sognefjord AS

Bergset-Bergsetdalen-Bergsetbreen

Sider du nylig har besøkt