Elvesport, juving og grotteturar
Sjoa er Nord-Europas beste raftingelv og her er det trafikk frå midten av mai til midten av august. Otta-elva blir og nytta, både til familierafting og meir tradisjonell rafting. Raftingselskapa har lang erfaring og tilbyr aktivitetar som rafting, padling, bading og spennande opplevingar i trivelege omgjevnader og dei lar deg oppleva vilt vatn på ein trygg måte.
Bedrifter tilbyr også aktivitetar som juving og grotteturar. Da fylgjer du elva gjennom juv og gjel, eller inn i store grotter. Her er det du sjølv som er framkomstmiddelet, og turen gjev deg fantastiske naturopplevingar i spennande omgjevnader.
Jotunheimen har og svært godt egna kajakkelvar. Heile området har elvar for både nybegynnarar og erfarne padlarar.
Klatring
I Jotunheimen har du høve til å freiste lykka som klatrar. Her finst mange moglegheiter for deg som ynskjer luftige opplevingar. Her finst klatretårn i Lom sentrum for nybyrjarar og erfarne klatrarar, klatrepark for barn og vaksne og klatrestigen Via Ferrata som tek deg opp til 1200 meter med fantastisk utsyn innover Jotunheimen. Ynskjer du deg til fjells eller i Tronoberget klatrefelt, kan mange av aktivitetsselskapa vere med som guide.
Brevandring
Jotunheimen har mange selskap som tilbyr brevandring. Dei tilbyr deg turar som tek deg med til flotte opplevingar over blåis og snø, forsering av høge tårn og djupe sprekkar. På turen opp til Galdhøpiggen kan du velje å vere med på ein guida tur over Styggebreen, eller du kan gå turar på Smørstabbreen, Bøverbreen, og Svellnosbreen.
Moskussafari på Dovrefjell
På dagstur på moskussafari i Dovrefjell – berre 1,5 time unna, har du moglegheita til å kome tett innpå det gamle urdyret, og være i eit med dyrets omgjevnader. Det blir arrangert turar kvar dag heile sommaren, og turen tek om lag 5 timar. For grupper kan det arrangerast turar heile året.
Jakt og fiske
Heile Jotunheimen byr på unike moglegheiter for jakt på både små- og storvilt, og fiske. Tilbodet om jakt er lagt til begrensa område, Norges Fjellstyresamband har meir informasjon. Når det gjeld fiske har området vårt utallige fiskemoglegheiter, både til fjells og nede i bygdene. Turistkontora og mange av reiselivsbedriftene i området sel fiskekort.
Riding
Jotunheimen med sitt varierande terreng opnar for mange turar på hesteryggen. Området kan tilby turar som spenner frå nokre timar til overnattingsturar, og dei lokalkjente guidane tek deg med på tur i storslått natur med rolege og trygge hestar.
Sommarski
Galdhøpiggen sommarskisenter, 1850 m.o.h., ved foten av Galdhøpiggen – her finn du store skiopplevingar heile sommaren, frå juni månad. Du kan også gå på langrennsski frå våren og utover sommaren i Jotunheimen.
Vandring
Jotunheimen byr på fantastiske vandringsmuligheter. Her finnes merka stier til fjells og i bygdene. Du kan gå til Galdhøpiggen, Norges høyeste fjell (2469 m.o.h.) eller vandre over Besseggen, kanskje er Norges mest kjente fottur.
Bestill overnatting og transport nå
Laveste pris garanteres av BookNorway.
- Hytter og feriehus
Søk blant mer enn 2500 hytter og feriehus.
- Hoteller
Søk etter hotell i hele Norge.
- Fly
Søk blant alle flyvninger i Norge.
- Leiebil
Søk etter leiebil og sammenlign priser på alle norske reisemål.