Ekspressbussar frå Oslo, Bergen, Trondheim stoppar i området fleire gongar i døgnet. Ynskjer du å reise med tog, er Dovrebanen eit godt alternativ. Dovrebanen går tvers gjennom Nasjonalparkriket og Gudbrandsdalen på vegen mellom Oslo og Trondheim. Stoppestad for å koma til oss er Otta. Frå her tek du buss inn i Jotunheimen.
Er du på ferie med eigen bil, er valmoglegheitene mange. Frå sør kjem du til Jotunheimen langs E6 frå Oslo/Lillehammer eller E16 til Fagernes og fv. 51 over Valdresflye.
Frå Bergen er raskaste vegen til Jotunheimen E16 gjennom Lærdalstunnelen og ferje til Kaupanger. Herifrå tek du fv. 55 frå Sogndal over Sognefjellet. Kjem du frå Stryn/Geiranger er fv. 15 vegen inn i området.
I Jotunheimen er det enklast å nytte eigen bil. Det er mange flotte opplevingsvegar i området. Dei nasjonale turistvegane Sognefjellsvegen (fv. 55) og Gamle Strynefjellsveg (fv. 258) finst her saman med den framtidige turistvegen over Valdresflye (fv. 51).
Til fjells kjem du enkelt med buss. Det er rutebussar til fjells kvar dag i sommarsesongen. Det går og buss dagleg mellom Vågå/Lom og Sogndal over Nord-Europas høgstliggjande fjellovergang, Sognefjellsvegen.
På Gjende kan du ta båten MS Gjende inn i hjertet av Jotunheimen. Det er høve til å leige bil i området og drosjer finst i alle bygdene.
Laveste pris garanteres av BookNorway.
Se alle oppføringer for Jotunheimen (296)
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Jotunheimen ligg i hjertet av Noreg, sentralt mellom Oslo, Bergen og Trondheim og er lett å nå også med offentleg transport.
Korleis kjem eg til til Jotunheimen?
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Best price guaranteed - Cruises in Norway.