Der fjordane møter storhavet er naturkreftene sterke. Her har vind og sjø forma naturen gjennom tusenvis av år, og forma særmerkte landemerke. Nokon av landemerka langs FjordKysten har vore viktige seglmerke lang tid tilbake.
Naturen i skjeringspunktet mellom fjord og hav byr på storslåtte sanseinntrykk og opplevingar.
Du kjem ikkje lenger vest i Noreg enn her. Ta turen til Utvær, Noregs vestlegaste øy. Ta deg også tid til å vitje Bulandet, Noregs vestlegaste aktive fiskerisamfunn. Bulandet i Askvoll er eit konglomerat av øyar, holmar og skjær ytst mot havet.
Lengre nord ligg Florø, Noregs vestlegaste by, grunnlagt i 1860. Og lengst nord på FjordKysten ligg Vestkapp, Noregs vestlegaste punkt på fastlandet.
I Hyllestad har dei hogge kvernsteinar heilt frå vikingtida. Sjå spora i berg og landskap, og opplev ei historisk vandring i stein- hoggarane sine fotefar. Like spennande for born som for vaksne.
FjordKysten har ei rik og spennande historie. Her finn du godt bevarte fornminne, mange spennande historiske stadar frå vikingtida, med mellom anna Gulatinget, demokratiets vogge.
På øya Selja kan du vere med på guida tur gjennom dei godt bevarte ruinane av Selje kloster frå 1100-talet. Her er også nyare industrihistorie som syner noko av den store trafikken frå den tida då sjøen var riksveg nr. 1 langs norskekysten. Ei anna historisk øy langs FjordKysten er Kinn, som er lokalisert utanfor Florø. Øya er kjent for Kinnaspelet og den gamle steinkyrkja frå 1100- talet.
Mang ein kunstnar har funne, og finn framleis, sin inspirasjon frå FjordKysten. Frå Dale i Sunnfjord kom diktaren Jakob Sande, og i dag er her eit nordisk kunstnarsenter. I dag lever kunsten gjennom eit mangfald av kunstnarar, galleri og atelier. Bli med på malekurs, eller besøk eit galleri og kjøp med deg eit spesielt ferdaminne frå ferieturen din.
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Fjordkysten er kjent for sin vakre natur med fjord og fjell. Og vi deler gjerne våre kystperler med deg.
Attraksjonar langs FjordKysten
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Se alle oppføringer for Fjordkysten (136)