|  
Rafting i Valldøla, Norge Foto: Svein Sætre

Aktivitetar ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Prøv rafting i elva, gå ein fjelltur eller ta deg ein sightseeingtur på fjorden.

Rafting, kajakk og sykling

Prøv rafting i Valldøla i Valldal, klatring eller andre adrenalinfremjande friluftsaktivitetar. Opplev fjorden frå eitt nytt perspektiv i ein kajakk. Kajakkar med nødvendig utstyr får du leigd både i Valldal og Geiranger.

Sjå Dalsnibba eller Trollstigen frå sykkelsetet, anten på eiga hand, eller ta del i ein guida tur.

Sightseeing på fjorden

Vil du nyte fjorden og fossane frå båt, har du mange alternativ, til dømes med sightseeingbåt eller hurtiggåande RIB-båtar.

Du kan også kombinere sightseeing med reisa hit, ta ferja Geiranger-Valldal eller Geiranger-Hellesylt.

Fjellturar

I området finst det mange fine turmoglegheiter, både lette turar, og lengre turar for dei fjellrøynde. I dei vakre Tafjordfjella er det eit stort nett av merka stiar, og langs ruta kan du overnatte i hyttene til Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Ta kontakt med turistinformasjonane våre eller Ålesund-Sunnmøre Turistforening for turforslag.

Fiske

Det er gode høve for fiske i distriktet vårt, alt frå fiske i fjorden, lett tilgjengeleg elvar og vatn i låglandet, til fleire dagar vandring i høgfjellet med fiskestonga som følgje.

Det er fire lakseelvar i området (Strandaelva, Valldøla, Eidsdalselva og Storelva), som det er høve å kjøpe fiskekort til. Fiske i fjorden er gratis. Meir informasjon om fiske og sal av fiskekort både til laksefiske og ferskvassfiske får dykk på turistinformasjonane.

Sist oppdatert:  08. september 2011
Kajakk på Geirangerfjorden, Norge - Foto: Terje Rakke
Kajakk på Geirangerfjorden, Norge

Interesse:  Fjell og fjorder

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Rafting i Valldøla, Norge - Foto: Svein Sætre

Aktivitetar ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Prøv rafting i elva, gå ein fjelltur eller ta deg ein sightseeingtur på fjorden.

Aktivitetar ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Kilde:: Visitnorway

Geirangerfjorden og Ålesund sett fra luften

Opplev Geirangerfjorden, Ålesund, Trollstigen og Trollveggen fra fugleperspektiv med disse fantastiske 360 panorama-bildene.

Vandring i Ålesund og Sunnmøre

Sunnmørsalpene rager opp til 2000 m.o.h. og har flotte vandreruter og vakker fjordutsikt. På øya Runde kan lette turer kombineres med å se på fugl.

Vandring ved Geirangerfjorden og Trollstigen

Ta ein vandringsferie i det storslagne landskapet langs den verdsberømte Geriangerfjorden.

Geirangerfjorden

Fjordarmen på Sunnmøre er et av Norges mest besøkte turistmål. Her finner du Brudesløret, Ørnevegen og mange spennende ting å gjøre.

Om Geirangerfjorden og Trollstigen

Geirangerfjorden og Trollstigen

Fjordlandskapet vårt er unikt og eksepsjonelt vakkert. Nettopp difor står Geirangerfjorden med omland på UNESCO si liste over verdas naturarv.

Fakta om Ålesund og Sunnmøre

Ålesund, med 40.000 innbyggere, er den største byen på Sunnmøre, en region som er kjent for fiske, maritim teknologi og møbelproduksjon.

ANNONSER

Geirangerfjorden

Kveld
Klart, Svak vind
7°C

Relaterte filmer

Relatert

Fjell og fjorder

ANNONSER

TEKSTANNONSER