Det milde klimaet i området vårt gjer det mogleg å dyrke frukt og bær. Valldal er kjend for jordbærdyrking, så om du er i området vårt i juni og juli må du syte for å få ein smakebit av den søte Valldalsbæra.
Eller du kan ta deg ein tur på den lokale restauranten Jordbærstova i Valldal, og smake den vidgjetne jordbærkaka deira.
Linge ved Valldal er den nordlegaste staden i verda ein driv med kommersiell fruktdyrking, og er du her i sesongen kan du kjøpe morellar, plommer, eple og pærer direkte frå gardane.
Du kan også stikke innom Norsk Bærindustri, der du får kjøpt syltetøy og saft produsert av frukt og bær som er hausta her.
Om du tek ein liten avstikkar til den aktive Herdalssetra som ligg i området verna av UNESCO, kjem du om lag så nær matproduksjonen ein kan kome. Her får du kjøpt geitemjølkskaramellar, rjomegraut med spekemat og anna seterkost.
Kjekjøt frå Herdalssetra og aure frå Herdalsvatnet er viktige råvarer i den nydelege, heimelaga maten du får servert på Petrines Gjestgiveri i Norddal. I 2006 vart Petrines Gjestgiveri utropt som regionsvinnar av Ganefart 2006, ei kåring av den beste staden å ete langs vegen.
Også i mange av dei andre restaurantane i området vårt vil du få servert mat basert på lokale råvarer og kortreist mat.
Se alle oppføringer for Geirangerfjorden (80)
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Prøv geitemejølkskaramellane på Herdalssetra eller den vidgjetne jordbærkaka i Valldal.
Matkultur ved Geirangerfjorden og Trollstigen
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Best price guaranteed - Cruises in Norway.