|  
Båttur på Nordfjord, Norge Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway

Aktivitetar i Stryn og Nordfjord

Prøv vandring i fjella, breklatring, sykling, fiske, hesteridning og båtturar. Etterpå kan du unne deg sjølv ein time med spa.

Vandring

I Nordfjord finn du over 230 turar i variert terreng. Velg mellom enkle turar, naturstiar og kulturstiar. Fjella i Nordfjord rager frå et par hundre meters høgde, til nesten to tusen meter over havet. Les meir om vandring i Stryn & Nordfjord.

Aktivitetar ved breen

Jostedalsbreen er den største breen på fastlandet i Europa. Ta ei brevandring på Bødalsbreen, og opplev den intense blåfargen til isen, og dei levande formasjonane i breen på nært hald. Du kan og prøve bresafari i raftingbåtar på innsjøen framfor Briksdalsbreen.

Jakt og fiske

For fiskeentusiastar er Nordfjord eit eldorado Nordfjorden er "fjorden med dei sju elvane", og har lenge vore ein favoritt blant britiske fiskarar. Ulike fisketurar med båt er og tilgjengelege. Innsjø, elv, fjord eller hav – valet er ikkje lett!

Spa, helse og velvære

Hotel Alexandra, Selje Hotel og Nordfjord Hotel i Nordfjord har fantastiske symjefasilitetar, og kan tilby spa-behandlingar og thalasso-terapi. Spa betyr helse gjennom vatn og har gjennom fleire århundre betydd mineralrike vatn, varme dusjar og avslapning.

Båtturar

Ulike fiske- og sightseeingturar er tilgjengelege i Nordfjord, på innsjøar, fjorden og havet. Prøv RIB-rafting og segling på fjorden.

Aktivitetar i vatn

Havet, yrande elvar og rolege innsjøar er perfekte for ei rekkje aktivitetar. Velg mellom rafting, symjing, surfing, kanopadling, kajakkpadling og dykking

Fjordhesten

Fjordhesten er Nordfjords eigen hesterase, og fleire stadar i regionen kan rideentusiastar nyte det vakre, vestnorske landskapet frå hesteryggen. Velg mellom ridetimar, dagsturar og rideleirar.

Sykling

Du kan sykle på gamle, utrafikkerte vegar, eller på vegar som slynger seg oppover dalane. Du kan og delta på guida sykkelturar i fjella. Sykkelutleige er tilgjengeleg fleire stader.

Golf

Nordfjord har fire golfbaner. Forestill deg grøne grasbaner omringa av fossande elvar og ruvande fjell.

Buldring og klatring

Fleire stader i Nordfjord tilbyr klatring – enten i flotte klatreområde utandørs, buldring på store steinar i Oldedalen, eller innandørs i klatreveggar.

Utforsk kulturen

Nordfjord sin kulturarv, med folkemusikk, kunst- og handarbeidstradisjonar, er godt ivaretatt. Anders Svor Museet og Nordfjord Folkemuseum er blant stadene du kan oppleve kulturarven vår. På den berømte øya Selja, kan du lytte til den spennande historia om St. Sunniva, blant ruinane av klosteret. Og du kan følgje i fotspora til vikingane.

Gjennom året har vi fleire , som inneheld musikk og førestillingar av ulike typar, og fleire spennande aktivitetar.

Tidspunkt for turen

Sist oppdatert:  20. november 2011
Vandring på Vestkapp, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway
Vandring på Vestkapp, Norge
Brevandring på Bødalsbreen, Norge - Foto: Briksdal Adventure
Brevandring på Bødalsbreen, Norge

Interesse:  Isbrevandring, Kano og kajakk, Sykling, Fisking, Fjelltur, Ridning og sledekjøring, Fjell og fjorder, Isbreer

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Båttur på Nordfjord, Norge - Foto: Terje Rakke/Nordic Life/Fjord Norway

Aktivitetar i Stryn og Nordfjord

Prøv vandring i fjella, breklatring, sykling, fiske, hesteridning og båtturar. Etterpå kan du unne deg sjølv ein time med spa.

Aktivitetar i Stryn og Nordfjord

Kilde:: Visitnorway

Relatert

Attraksjonar i Stryn og Nordfjord

Opplev den blå isen i brearmane, majestetiske fjell, frodige dalar og den dramatiske kysten.

Rundtur i hjertet av fjordene

Her er severdighetene mange. Du trenger en uke på denne turen.

Turforslag i Stryn og Nordfjord

Nordfjord har mange populære rundturar som du kan gjere med eigen bil.

Vandring i Stryn og Nordfjord

Ein vandretur i fjella, i skogen eller langs fjorden er kanskje den beste måten å bli kjent med Stryn og Nordfjord på.

Nordfjord

Nordfjord ligger mellom Geirangerfjorden og Sognefjorden på Vestlandet. Besøk Briksdalsbreen eller prøv sommerski i Stryn.

Om Nordfjord

Stryn og Nordfjord

Stryn og Nordfjord er kjent for isbrear, majestetiske fjell og ei vakker kystlinje.

Fakta om Stryn og Nordfjord

Nordfjord består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

ANNONSER

Kart over
Norge

Relaterte filmer

ANNONSER

TEKSTANNONSER