I Nordfjord heng glitrande brear ned i dei trange dalane som stivna fossar. Med 487 km2 er Jostedalsbreen den største isbreen på det europeiske fastlandet. Dei mest kjende brearmane i Nordfjord er Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen. På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter kan du lære meir om landskapet rundt breen.
I følgje National Geographic Magazine er dei norske fjordane det beste reisemålet i verda.Du kan oppleve fjorden på nært hald i ein båt, eller frå stranda, eller frå utsiktspunkt og fjelltoppar. Køyr Panoramavegen utover til kysten.
Den beste staden for å oppleve havet er Vestkapplatået – Norges vestlegaste punkt på fastlandet. Fyra tilbyr også ei fantastisk utsikt over havet.
Jostedalsbreen set farge på vatn og elvar – ein unik grønfarge som du kun finn nær breen. Nordfjord har også Europa sin djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Frå fjella som omkransar vatna renn fossane som kvite slør.
Kysten av Nordfjord er rik på opplevingar. Besøk Kråkenes fyr , og opplev havet på nært hald. Stå på Vestkapp-platået, og nyt den fantastiske panoramautsikta. Besøk gamle handelsstasjonar, fasinerande øyer, eller gå berrføtt på dei kvite sandstrendene. På øya Selja kan du besøke Selje Kloster frå det tiande århundre.
Se alle oppføringer for dette området (149)
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Opplev den blå isen i brearmane, majestetiske fjell, frodige dalar og den dramatiske kysten.
Attraksjonar i Stryn og Nordfjord
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Best price guaranteed - Cruises in Norway.