I dei små bygdesentruma av Nordfjord finn du ulike stader du kan ete, alt frå enkle, lette måltid og snacks, til lokale spesialitetar og à la carte menyar som inneheld eksotiske rettar.
På hotella kan matelskarar nyte buffetar med både varme og kalde rettar, eller bestille frå ein grundig à la carte meny. Norsk Gardsmat er ei anna merkevare av høg kvalitet, som tilbyr sine eigne matvarer, til dømes flatbrød, lefse, svele og andre bakeriprodukt.
Nordfjord har dei nødvendige naturressursane som skal til for å drive landbruk og fiske, og desse industriane er framleis sterkt representerte i regionen. Det går igjen i herlege kjøt- og grønnsaksrettar, sesongens bær frå skog og fjell, og ikkje minst norsk frukt. Du kan og kjøpe lokallaga cider i mange butikkar.
I kystsamfunna våre er fiske ein viktig del av livet. Moderne fiskeflåtar og fiskeoppdrett har gått saman om produksjon og eksport i verdsklasse. Her ved kysten er folk stolte av fiskekvaliteten. Du kan kjøpe herlege fiskerettar på restaurantar i heile Nordfjord.
Gloppen er berømt for kjøtprodukt av geit, og spesielt Gloppen Hotel er kjende for spennande rettar av geitekjøt.
Se alle oppføringer for dette området (149)
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Nordfjord er kjend for lokal gourmetmat, fantastisk fisk, frukt, og restaurantar av høg kvalitet.
Mat i Stryn og Nordfjord
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Best price guaranteed - Cruises in Norway.