Gå til innhold Gå til hovedmeny
Utsikt fra Flo i Stryn, Norge - Foto: CH/Innovation Norway
  |  
Utsikt fra Flo i Stryn, Norge Foto: CH/Innovation Norway

Vandring i Stryn og Nordfjord

Ein vandretur i fjella, i skogen eller langs fjorden er kanskje den beste måten å bli kjent med Stryn og Nordfjord på.

Med vind i håret og lyng under føtene, rein luft i lungene og smaken av ville bær på tunga, er ein vandretur ein flott muligheit for deg som vil studere fjorden, fjella og plante- og dyrelivet i sitt naturlege element.

Meir enn 230 oppmerka stiar fører gjennom eit variert terreng: Den indre delen av Nordfjord (Stryn og Hornindal), med høye fjell og isbrear og den midtre delen av Nordfjord (Gloppen og Eid), med fjelltopper, skogar og det tradisjonelle kystlandskapet ved fjordmunningen (Vågsøy og Selje).

turistkontoret får du kart over og informasjon om vandreturar i Nordfjord. Turistkontoret kan også hjelpe deg med guida vandreturar.  

Turforslag

Gryta (480 – 1 032 m.o.h.)
Gryta ligg rett nord for Stryn sentrum. Frå toppen av fjellet har du flott utsikt over Stryn sentrum, fleire fjelltopper, Jostedalsbreen, Hornindalsvatnet, Strynsvatn og Nordfjord.

Denne populære ruta følgjer ein god, tørr og barnevennleg sti store deler av vegen. Det begynner med ei bratt stigning frå oversida av ei seter, til du er forbi tregrensa. Deretter går det lett oppover i søraustlig retning, før du går nordaust langs ei klippe halvvegs opp mot fjellet.

Til slutt går du sørover opp ei temmeleg bratt strekning opp til toppen. Der har du ei spektakulær utsikt frå 960 m.o.h., rett sør for fjelltoppen. Lokale guidar går av og til i staden opp Marakråna, som følgjer ein smal, ubeskytta fjellsti gjennom fjellskrentar og klipper på sørsida av fjellet.

  • Sesong: mai – september
  • Tidsbruk: 2 – 3 timer
  • Utgangspunkt: Bøasetra gard i Stryn
  • Parkering: Bøasetra gard i Stryn
  • Kjørerettleiing til utgangspunktet: Frå Stryn sentrum kjører du ca. 4 kilometer nordover mot Stryn skisenter. Fortsett ca. 800 meter opp mot Bøasætra.
  • Fin rasteplass: Øverst på Gryta.

Trollenykjen (898 m.o.h.)
Denne stien er fin, og ruta er godt merka. Gå mellom Eidsfjorden og Gloppenfjord. Du har nydelig utsikt mesteparten av turen.

  • Tidsbruk: ca. 5 – 6 timer
  • Utgangspunkt: Start på den høgaste delen av vegen til Hunvik – Hanshjellen.

Historisk vandretur på Selja (10 – 201 m.o.h.)
På øya Selja, som ligg 15 minuttar med båt unna Selje, ligg ruinane etter Selje kloster, med tårnet intakt. Klosteret ble bygget av benediktinermunkar tidleg på 900-talet til æra for St. Sunniva. Legenda om St. Sunniva, som ble gjort til martyr her, lever vidare.

Noreg har to mannelege helgenar (St. Olav og St. Hallvard) og éin kvinneleg, St. Sunniva, Vestlandets skytshelgen.
Ifølge legenda flykta den irske kongedottera Sunniva då landet hennar vart erobra av heidningar og den nye kongen ville gifte seg med henne. Ho steg i land på Selja. Sunnivahula, der det vart sagt at Sunniva døydde, er ei stor hule med restane av veggar og spor etter den første kyrkja som vart via til erkeengelen Mikael.

Det går ein sti frå Bø til klosteret. Frå klosteret til Bø på sørsida av øya er det ein godt merka sti. Den er middels vanskeleg på eit par korte strekningar. Det går ein sti gjennom skogen til Varden, 201 m.o.h. Frå Varden går stien vidare til klosteret, eller du kan følgje same rute tilbake. Du kan også ta den familievennlige stien på nordsida av øya. Stien er ca. 1,5 kilometer lang, og turen tar ca. 30 minuttar.

  • Sesong: mai – september
  • Avstand: 1,5 kilometer 
  • Tidsbruk: 30 minuttar
  • Utgangspunkt: Ferge fleire gonger dagleg (mai til september) frå Selje sentrum til Selja (Bø)
  • Parkering: Ved hamna i Selje sentrum
  • Kjørerettleiing til utgangspunktet: Ta riksveg 616 til Selje sentrum
  • Anbefalte stopp: Selje kloster

Skåla (29 – 1 848 m.o.h.)
Skåla er Nord-Europas høgaste fjell med foten i fjorden. Du kan overnatte i tårnet. Frå toppen av fjellet har du ei imponerande og storslått utsikt.
Den første timen følgjer du den vanlege, bratte stien til ei tradisjonell fjellseter. Deretter følgjer du ei brusande elv, før du går ned ein sti som snor seg bortover på veg mot Skålavatnet.

Dei neste to timane går du langs snø og fjellendt terreng, før du får litt oppmuntring – eitt tusen steintrinn og ei fantastisk utsikt over Nordfjord. Du har no klatra til 1 848 m.o.h., og er ved Skålatårnet, som opphavlig vart kalla Kloumannstårnet (bygd på 1890-talet).

Etter ein kort rastepause på toppen, kan du enten gå tilbake same dag eller overnatte i ei av tre halvsirkelforma senger som etter sigande har plass til 22 personar. Du får sannsynlig plass, men dersom du vil overnatte på helgedagar, bør du ta kontakt med eigarane, Bergen Turlag, for å høre om større grupper har planlagt å overnatte.

Neste dag kan du følgje same rute tilbake, eller – dersom du har booka ein breguide – ta den spektakulære 6 – 7 timer lange gåturen over isbreen, og koma til Bødalssætra, der turlaget har ei hytte.

  • Avstand: 8,2 kilometer
  • Tidsbruk: 4 – 6 timer
  • Utgangspunkt: Tjugen går i Lodalen, Stryn
  • Parkering: Du kan parkere mellom vegen og elva
  • Kjørerettleiing til utgangspunktet: Frå fylkesveg 60 kjører du mot Lodalen. På vei til Lodalen kjem du til Tjugen gard, der du kan parkere
  • Fin rasteplass: Skålavatnet

I midten av august kvart år kan du delta i Skåla Opp, Nord-Europas vanskelegaste motbakkeløp, og eitt av seks Grand Prix-løp i verda.

Tidspunkt for turen

Sist oppdatert:  2. mars 2012
Skåla med utsikt til Jostedalsbreen, Norge - Foto: Bengt Flaten
Skåla med utsikt til Jostedalsbreen, Norge
Selje kloster på øya Selja, Norge - Foto: Terje Rakke/Northern Life
Selje kloster på øya Selja, Norge

Interesse:  Vandring

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Utsikt fra Flo i Stryn, Norge - Foto: CH/Innovation Norway

Vandring i Stryn og Nordfjord

Ein vandretur i fjella, i skogen eller langs fjorden er kanskje den beste måten å bli kjent med Stryn og Nordfjord på.

Vandring i Stryn og Nordfjord

Kilde:: Visitnorway

Relatert

Aktivitetar i Stryn og Nordfjord

Prøv vandring i fjella, breklatring, sykling, fiske, hesteridning og båtturar. Etterpå kan du unne deg sjølv ein time med spa.

Om Stryn og Nordfjord

Stryn og Nordfjord

Stryn og Nordfjord er kjent for isbrear, majestetiske fjell og ei vakker kystlinje.

Fakta om Stryn og Nordfjord

Nordfjord består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

ANNONSER

Kart over
Norge

Relaterte filmer

Relatert

Vandring

ANNONSER

TEKSTANNONSER