Gå til innhold Gå til hovedmeny
Stryn skisenter med utsikt over Nordfjord, Norge - Foto: Kåre Tonning
  |  
Stryn skisenter med utsikt over Nordfjord, Norge Foto: Kåre Tonning

Vinteraktivitetar i Stryn og Nordfjord

Kvit snø, vakre bakkar og flotte løyper ønskjer deg velkomen til Stryn og Nordfjord - i hjartet av Fjord-Noreg.

På dei fleste skistadane finn du fleirfoldige kilometer med langrennsløyper, alpinbakkar og barneheisar. 

Alpin - snowboard - telemark

I tida frå november/desember og fram til slutten av april, kan vi som regel tilby særs flotte snøforhald i Nordfjord. Skiheisar er tilgjengelege i Stryn, Gloppen, Eid og Hornindal. Grunna dei høge fjella og det spesielle klimaet, kan du stå på ski nesten året rundt i Nordfjord!

Langrennski

Nordfjord kan tilby endelause område, dekka av puddersnø, og fleirfaldige kilometer med preparerte løyper. Vi er stolte av våre nasjonale og internasjonale løyper, som mellom anna har vore arena for NM 1996 og Junior VM i 2004. I Nordfjord kan du nyte naturen aleine, eller velje ei av dei meir folksomme løypene.

Toppturar på ski

Fjella i Nordfjord ruvar frå eit par hundre meter, til eit par tusen meter over havet. Alpinentusiastane kan velje mellom 30 ulike fjelltoppar. Bergtatt Stryn, Norway AdvenTURes og Briksdal Adventure tilbyr guida toppturar.

Stryn Skisenter

Plassert 4 km frå Stryn sentrum. To skiheisar som er 1180 og 1400 meter lange, og ein total høgdeforskjell på om lag 700 meter. Seks nedfartar med ulik vanskegrad. Barneskiheis. Kafé. 300 parkeringsplassar. Kveldskøyring. Produksjon av kunstsnø. 2 km med løyper for langrennsski på kveldstid. Perfekt startpunkt for toppturar til fjella i området.

Skianlegg på Ullsheim, Markane

Skistation, 40 km løyper for langrennski. Stor park. Heilt ny skiskyttarpark. Produksjon av kunstsnø. Kiosk/Kafé. Garderobe. Sauna. Velutstyrt kjøkken. Stor smørjingsgarasje. Funksjonshall til leige. Ullsheim var arena for NM i 1996 og Junior VM I 2004.

Nordfjord Fritidssenter, Nordsida

Aktivitetspark, langrenn og skihopp. 13 km langsrennsløype, 5 km tilgjengeleg på kveldstid kvar dag. Open kafé på søndagar. Stor arena for skihopp. Fem hopp: K10, K25, K40, K70 og K90. 400 meters tauheis. Garderobe og dusj. Overnattingsmoglegheiter. Flott utgangspunkt for langrennsturar i dei nærliggjande fjella. Arena for NM I 1996 og Junior VM I 2004. 

Harpefossen Skisenter

Arena for fylkesmeisterskap i alpint. God heiskapasitet, og oppkøyrte løyper. Store områder for pudderkøyring. Skiskyttararena. Kveldskøyring tilgjengeleg for både alpin og langrenn.

Breimsbygda Skisenter

Plassert 600 meter over havet. 250 meters høgdeforskjell. Fire skiheisar: to hovudheisar, barneheis og ein handicapheis. Oppkøyrte løyper, dag- og kveldskøyring tilgjengeleg. Pipe og big jump. 3 km oppkøyrte løyper for langrenn, også tilgjengeleg på kveldstid. Kafé. Ski- og hjelmutleige.

Hornindal Skisenter

Hornindal Skisenter ligg 5 km nord for Grodås sentrum. Langrenn, alpint, skihopp. 2,5 km løyper for langrenn, tilgjengeleg også på kveldstid. 450 meters tauheis. Godt oppkøyrte løyper i vakre omgivelsar.

Sist oppdatert:  18. november 2010
Off-piste i Stryn, Norge - Foto: Kåre Tonning
Off-piste i Stryn, Norge
Langrenn i Stryn, Norge - Foto: Arvid Hatledal
Langrenn i Stryn, Norge

Interesse:  Ski

Lukk
Bygg inn denne artikkelen

Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website

Forhåndsvisning

Stryn skisenter med utsikt over Nordfjord, Norge - Foto: Kåre Tonning

Vinteraktivitetar i Stryn og Nordfjord

Kvit snø, vakre bakkar og flotte løyper ønskjer deg velkomen til Stryn og Nordfjord - i hjartet av Fjord-Noreg.

Vinteraktivitetar i Stryn og Nordfjord

Kilde:: Visitnorway

Relatert

Sommerski

Stryn Sommerski ligger ved foten av Jostedalsbreen og er Norges største sommerskisenter.

Om Nordfjord

Stryn og Nordfjord

Stryn og Nordfjord er kjent for isbrear, majestetiske fjell og ei vakker kystlinje.

Fakta om Stryn og Nordfjord

Nordfjord består av kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

ANNONSER

Kart over
Norge

Relaterte filmer

Relatert

Ski

ANNONSER

TEKSTANNONSER