For mange av dei som besøkjer Hardanger er fruktblomstringa om våren hovudattraksjonen, medan andre kjem til området når frukttrea bognar av morellar, eple, pærer og plommer.
Besøkjer du ein av fruktgardane i Lofthus eller Ulvik kan du saman med familien din nyte nasjonalromantikk frå beste plass. Dei mange små bygdene der fruktdyrking er hovudnæring har inspirert kreative sjeler gjennom fleire hundre år.
Ta ein båttur på Hardangerfjorden og legge til ved ein av dei mange flotte bygdene. Kjenn spenninga når du passerer gjennom det tronge Fyksesundet på veg til Botnen, ein av opphavsstadane til den tradisjonelle Hardingfela.
Fjellplatået Hardangervidda er eit av dei største i Europa. Her er det eit mangfald av godt merka løyper både for fotturar, sykling og ski.
I Hardanger er det mange vakre fossefall som er verdt eit besøk. Gode eksempel er Låtefoss, Steinsdalsfossen og Vøringsfossen.
Isbreen Folgefonna er den tredje største fastlandsbreen i Noreg. På breen er isklatring og brevandring populære aktivitetar. Folgefonna Sommarskisenter ligg på Folgefonna og her har du mogelegheit både til turskigåing, alpint og snowboard. Frå løypene er det ei fantastisk utsikt over fjorden og fjella.
Hardangerjøkulen er den sjuande største breen i Noreg. Utsikta frå breen gjer deg eit fantastisk overblikk over Hardangervidda og landskapet kring.
Av sikkerheitsmessige årsaker bør du vere med autoriserte breførarar dersom du ynskjer ein tur på breen. Hugs å ta med varme klede, hovudplagg, passande skotøy, hanskar og solbriller.
Se alle oppføringer for Hardanger (255)
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Ta eit båtcruise på den fantastiske Hardangerfjorden, ein fjelltur over Hardangervidda eller utforsk isbreen Folgefonna.
Attraksjonar i Hardanger
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Best price guaranteed - Cruises in Norway.