Rundtur med tog, buss og ekspressbåt
På denne flotte rundturen kan du utforske det fruktbare Hardangerområdet. Du kan starte rundturen både frå Bergen og Oslo.
Startar du i Bergen har du to alternativ, enten buss til Norheimsund eller tog til Voss. Tek du toget til Voss fortset turen vidare med buss til Ulvik. På vegen passerer du gode jordbruksområde før du kjem til den idylliske fjordbygda.
I Ulvik går du om bord ein båt som tek deg med innover den vakre Hardangerfjorden til bygda Eidfjord. Dersom du vel buss til Norheimsund går du på båten der og føl den innover fjorden. I Eidfjord kan du vere med på ei spanande utflukt til naturattraksjonen Vøringsfossen og Hardangervidda Natursenter Eidfjord. Du kan og velje å bli ved fjorden, slappe av, ete lunsj og besøke Galleri Bergslien.
Etter besøket i Eidfjord går båten attende til Norheimsund. Undervegs kan du nyte synet av fjell, fossar og idylliske fruktgardar. Det er god tid til å fordøye dei mange inntrykka undervegs før du kjem til Norheimsund. Reiser du i mai får du med blomstringa i Hardanger då dei mange frukttrea langs fjorden er ei fantastisk skode.
Turen fortset med buss frå Norheimsund til Bergen. På vegen passerer du attraksjonen Steindalsfossen og fjellområdet Kvamskogen.
- Avgangar frå Bergen:
Bergen - Voss- Ulvik - Eidfjord- Norheimsund- Bergen
- Avgangar frå Oslo:
Oslo – Bergen –Norheimsund – Eidfjord – Ulvik – Voss – Bergen –Oslo
Rundturen Hardangerfjord Adventure er arrangert av selskapet Tide Reiser, medan turen Hardanger in a Nutshell arrangerast av Fjord Tours.
Rundreise med buss og båt, inkludert besøk på isbreen Folgefonna
Rundturen startar med Buss frå Bergen til Norheimsund. Frå Norheimsund vert det eit kort fjordcruise på Hardangerfjorden over til bygda Herand. I Herand finn du idylliske strender og gode turmogelegheiter.
Det er kort tur frå Herand til isbreen Folgefonna, den tredje største isbreen i Noreg. Bli med breførarane til Folgefonni Breførarlag på ein spanande og opplevingsrik tur på blåisen.
For meir informasjon og bestilling kontaktar du Tide Reiser.
Car Walks
Car Walks er ein kombinasjon av biltur med tilpassa og merka turløyper undervegs. Det finst ulike turkart med innteikna turforslag samt eigne informasjonsark.
På kartet er det også markert startpunktet for turløypa samt forslag til kvar ein kan parkere bilen. Varigheita på gåturane er mellom 1-3 timar.
Rundtur i Hardanger gjennom naturattraksjonar
Rv. 7/fv. 7 kryssar Hardangervidda, Noregs største nasjonalpark, og føl delar av Eventyrvegen på vestsida av Hardangerfjorden frå Bruravik til Norheimsund. Denne flotte vegstrekka har status som Nasjonal Turistveg.
Rv. 13 startar i Røldalsfjella, som ligg i den sørlege delen av Hardanger, og fortset ned til Låtefoss før den går vidare langs Sørfjorden til Brimnes. Frå Odda går fv. 550 langs austsida av Sørfjorden via Utne til Jondal. Fv. 572 går frå Ulvik til Granvin.
Frå Geilo køyrer du langs rv. 7/fv. 7 over høgfjellsplatået Hardangervidda. Undervegs vil du i vest sjå isbreen Hardangerjøkulen. Måbødalen er eit dramatisk møte med vestnorsk natur og i denne dalen ligg naturattraksjonen Vøringsfossen.
I enden av Måbødalen ligg Hardagervidda Natursenter Eidfjord. Her er det utstillingar med tematikk frå Hardangervidda og ein Ivo Caprino Supervideograf som syner ein fantastisk film frå Hardangervidda og Hardanger.
Sima Kraftverk ligg i Eidfjord og er eit av dei største vasskraftanlegga i Europa. I Eidfjord finn du og fjellgarden Kjeåsen som ligg 600 moh.
Vidare kryssar du Hardangerfjorden med ferje frå Brimnes og fortset langs rv. 7/fv. 7. Hardingfela er i kommunevåpenet til Granvin, og kjende felespelarar og felemakarar har sitt opphav i denne bygda.
Fruktdyrking er ein av dei viktigaste næringane i Hardanger. Det gode klimaet i området gjer det ideelt for frukt- og bærdyrking.
Øystese og Norheimsund-området har mange museum og attraksjonar. I Fyksesundet finn du mellom anna Hardanger Akvasenter, det første oppdrettsanlegget i Noreg som er særskilt tilrettelagt for besøkjande.
Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund er eit nasjonalt kompetansesenter for restaurering av gamle trebåtar. I nærleiken av Norheimsund ligg og Steinsdalsfossen som du kan gå på baksida av.
Avstikkarar frå fv. 7
Bruravik - Granvin via Ulvik
Bygda Ulvik er ei perle som ligg lunt til i Hardangerfjorden. På vegen til Granvin på fv. 572 får du ei fantastisk fjordutsikt.
Brimnes - Odda - Jondal
Fortset fjordvegen langs fv. 13 frå Brimnes i retning mot Odda. Føl du denne vegstrekka passerer du mange små bygder som alle er omgitt av frukttre. Mange besøkjer Hardanger om våren for å få med seg fruktblomstringa, eller på seinsommar og haust for å smake den modna frukta. Undervegs vil du sjå isbreen Folgefonna på høgre side, den tredje største breen på fastlands Noreg.
Innerst i fjorden ligg industristadane Tyssedal og Odda. I Tyssedal kan du besøkje Norsk Vasskraft og Industristad Museum. NVIM er eit kulturhistorisk museum der du får oppleve utstillingar og multimediaprogram som levandegjer det industrielle eventyret.
Oddadalen er og kjend som fossanes dal med sine mange flotte fossefall, av desse er Låtefoss den mest kjende. Tek du turen til Buerbreen kan du gå heilt inn til brekanten. Buerbreen er ein del av Folgefonna.
Frå Odda tek vegen deg med vidare langs den andre sida av fjorden. I Utne kan du besøkje Friluftsmuseet Hardanger Folkemuseum med fleire utstillingar, mellom anna av ein felemakarverkstad.
Vegen mellom Herand og Jondal er smal men dei fantastiske utsiktsplassane undervegs gjer at det absolutt er verdt å ta turen. Frå Jondal kan du køyre opp til brekanten av Folgefonna og Folgefonna Sommar Skisenter. Førestill deg opplevinga av å stå på ski heile dagen for deretter å ta eit bad i Hardangerfjorden om kvelden!
Frå Jondal kan du krysse Hardangerfjorden med ferje over til Tørvikbygd. Deretter fører vegen deg til Norheimsund. Stopp og sjå utover fjorden, sjølv her i frå kan du sjå Folgefonna.