Du kan padle eller seile, spela golf eller vandre til Kjerag, Preikestolen eller andre fine toppar. I Allmannajuvet kan du sjå etter lysande stilbitt. Ellers kan du kose deg med å handle lokale matprodukt og husflid eller prøve laksefiske.
Eller hva med laksesafari der du flyter ned Suldalslågen i overlevingsdrakt, dykkermaske og snorkel. Du kan vandre i Ryfylkeheiane, sykle på Ryfylkeøyane, flyt med på elveekspedisjon på flåte eller ta eit fjordcruise, til dømes på Lysefjorden.
Treng du ein lokal guide vil lokale turistkontor hjelpe deg. Ein fottur med Vandrarpresten vil du ikje gløyma.
Ryfylke har spennade lokale festivalar med lokal vri der du får oppleva Ryfylke sitt folkeliv. Blant arragementa er Trekkspillfestival i Sauda, Norsk Frukt og Laksefest på Hjelmeland, Ryfylkedagane på Sand eller Strandadagene i Strand. I Sauda er det fleire sportstilstelningar om vinteren og Sauda Super G og Saudarennet. I Forsand er det motbakkeløpet Lysebotn Opp og Tripp Trapp Triathlon.
I heile regionen er det fornminne frå mange periodar bakover i historia. Hellerisningane på Solbakk i Strand syner med alle båtsymbola mellom anna. kor viktig sjøen var for samfunna langs fjordane i tidlegare tider. Ta dykk ei forhistorisk ”reise” som startar i bronsealderen (1800 f. Kr.), vidare i før-romersk jernalder og folkevandringstid (slutt rundt 600 e. Kr.) i Fortidslandsbyen Landa, Forsand.
Ryfylkemuseet har fleire anlegg i regionen, til dømes Kolbeinstveit bygdetun ved enden av Suldalsvatnet. Her finn du Guggedalsloftet med delar frå 1200-talet, som er den eldste ikkje-profane bygninga i Rogaland fylke. Kafe og guiding i i sesongen. Husdyra er populære for ungane. Ta ein tur med historiske Restauration, ein kopi av sluppen som førde dei første utvandrarene over havet til Amerika i i1825.Besøk sinkgruvene nær Ryfylkevegen i Allmannajuvet i Sauda, der gruvevegen langs det tronge elvegjelet imponerer frå start og opp til gruveinngongen. Guiding langs vegen og inn i gruva kvar dag i sesongen.
Pittoreske trekyrkjer i Ryfylke-renessanse kan du besøka; gamle Årdal kyrkje i raudt og kvite Jelsa kyrkje. På Ryfylkeøyane er det fleire vakre steinkyrkjer i romansk stil. Mølleparken på Tau frå 1859 har ope kvar sundag i om sommaren, her kan du gå på loppemarknad, sjå kunst, gå i Mølleparken og nye heimbakst.
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Ta fotturar til Kjerag og Preikestolen (ofte kalla Prekestolen), prøv laksefiske eller eit avslappande cruise på Lysefjorden.
Aktivitetar i Ryfylke
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Se alle oppføringer for Ryfylke (237)