Sauda - Røldal - Suldalsosen - Sand - Sauda. 142 km, 6-8 timar, 1 ferje.Denne strekninga er del av Nasjonal turistveg Ryfylke. Det indre av Ryfylke med dei mange kulturminna, det flotte landskapet og den spanande Røldalsvegen mellom Sauda og Røldal gjer denne turen svært interessant (del av vegen er vinterstengt). Sjå Svandalsfossen, rusle i Åbøbyen i Sauda og opplev gruvene i Allmannajuvet. Sjå Røldal Stavkyrkje, Kraftarkitektur på Nesflaten, Hustveit med Jonegarden, Røynevarden ved Suldalsvatnet, bygdetunet Kolbeinstveit og Laksestudioet i Sandsfossen med Høse bru, kos deg i Gata på Sand og opplev utstillinga på Ryfylkemuseet.
Boknafjorden heitter fjordsystemet i Rogaland. Ryfylke er eit godt utgongspunkt for denne turen langs Nasjonal turistveg Ryfylke som du kan starte på Sand i Suldal med vakre trehus og reise sørover til Jørpeland og videre til sykkelbyen Sandnes og mat- og oljebyen Stavanger.
Turen fortsetter så nordover med ferje til vakre Skudeneshavn, vikingminna på Avaldsnes på Karmøy, og festival- og sildabyen Haugesund. Så setter du kursen austover og inn til Ryfylke igjen kor du tek ein avstikkar til sjarmerande Jelsa i Suldal før du igjen er på Sand. Vil du ha med meire, tek du Nasjonal turistveg Ryfylke nord til Sauda med Åbøbyen og vidare opp langs Røldalsvegen til Røldal i Hardanger før du følgjer vakre Suldalsvatnet og Suldalslågen ned til Sand.
Ryfylke har eit utmerka rutenett av stiar og turisthytter i hei og fjell. Du kan til dømes knytte velkjende Preikestolen til ein fottur Lysefjorden rundt.
Om du heller ønskjer å nyta Preikestolen frå eit båtdekk, er det forskjellige sightseeingbåttilbod i tillegg til turistferja på Lysefjorden. Du kan mellom anna hoppe på frå Oanes (sightseeingbåtar), Lauvvik eller Forsand (turistferja). NB Førehandstinging.
Ryfylkeøyane er veleigna for rolege sykkelturar for heile familien.
Guida turtilbod gjennom både villmark og vakkert kulturlandskap vert tilbydd, mellom anna til Ritlandskrateret i Hjelmeland i sesongen. Kontakt turistkontora i Ryfylke.
Se alle oppføringer for Ryfylke (261)
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Køyr nasjonal turistveg Ryfylke eller ta eit fjordcruise på Lysefjorden.
Turforslag i Ryfylke
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Best price guaranteed - Cruises in Norway.