Fleire stader ved Sognefjorden kan du besøke spennande opplevingssenter, kulturminne, museum og kunstgalleri.
Flåmsbana - frå fjord til fjell
Den bratte togturen med Flåmsbana mellom Myrdal og Flåm er ei reise utanom det vanlege. Reisa tek omlag 50 minutt og du opplever mektig natur, med eit stadig skiftande panorama.
Fjordane
Sognefjorden
Eit av dei mest populære reisemåla på Vestlandet. Hit kjem det turistar frå heile verda. Men enno kanskje litt uoppdaga blant mange nordmenn. Så i sommar blir det din tur.
Opplev og utforsk Nærøyfjorden som er på UNESCO si verdsarvliste. Båtturar heile året. Prøv og kajakk eller fjordsafari. Flåmsbana er den mest spennande jernbanestrekningen i Skandinavia – kombiner gjerne med Rallarvegen eller ein fottur.
Her er det ikkje nok med dagsbesøk. Hugs og Aurlandsdalen, utsiktsplattforma Stegastein og Borgund stavkyrkje.
Sjå sognefjord.no/sommar
Fjærlandsfjorden
Fjærlandsfjorden er vakker og majestetisk, omkransa av snøkledde fjelltoppar. Fjorden har ein lys grønfarge på grunn av alt smeltevatnet som renn ut i fjorden.
Båtturen er ei fantastisk oppleving frå kunstbygda Balestrand gjennom det vakre fjordlandskapet og nesten heilt fram til Jostedalsbreen.
Me anbefalar eit lengre opphald i Fjærland for å nyta naturen og besøkja Den norske Bokbyen.
Sjå sognefjorden-as.no
Nærøyfjorden
Nærøyfjorden er den smalaste og mest dramatiske av sidearmene til Sognefjorden. Frå 2005 har Nærøyfjorden fått plass på UNESCO si verdsarvliste.
Fjordane er ei av dei mest spektakulære landskapsformene på kloden, og vestnorsk fjordlandskap med Nærøyfjorden er det mest typiske av alle fjordområde.
Opplev dei høge fjella, fossane og dei idylliske gardane langs fjorden. Hald utkikk etter niser og kobbe.
- Bilferje Gudvangen – Kaupanger – Lærdal 1. mai – 30. september.
- Passasjerbåt Flåm – Aurland – Gudvangen heile året.
- Sjå fjord1.no
Museum
- Norsk Bremuseum i Fjærland svarar gjennom interaktive modeller og film på spørsmål om breen.
- Norsk Villakssenter i Lærdal gjev innsyn i laksen si verd gjennom observatorium, interessante utstillingar og spennande film.
- Sogn Folkemuseum i Kaupanger syner livet langs Sognefjorden dei siste århundre gjennom spennande utstillingar og tradisjonell gardsdrift med levande dyr.
- Sognefjord Akvarium i Balestrand er eit maritimt aktivitetssenter, der du kan sjå livet i Sognefjorden og studera meir enn 100 ulike fiskeartar.
Stavkyrkjer
I heile Norge finst det berre 28
stavkyrkjer att, og fem av desse ligg her ved Sognefjorden.
Urnes stavkyrkje i Luster er den eldste i Norge, og står på UNESCO si verdsarvliste.
Borgund stavkyrkje er den best bevarte stavkyrkja vi har i Norge. I Vik finn du vakre
Hopperstad stavkyrkje frå 1150, Kaupanger stavkyrkje er den største, i Undredal finn du den minste med berre 40 sitjeplassar.
Naturattraksjonar i verdsklasse
Nokre av dei mest kjende naturområda er Nærøyfjorden, Jotunheimen,
Jostedalsbreen, Aurlandsdalen og Utladalen. Andre kjende namn i Sognefjordområdet er Flåm, Balestrand, Leikanger, Vik, Sogndal, Jostedalen, Finnafjorden, Turtagrø, Fjærland, Lærdal, Årdal, Skjolden og Solvorn.
I Sognefjordområdet er det mange imponerande og
vakre fossefall som er blant dei høgste i Norge.
Vettisfossen i Årdal med eit fritt fall på 275 meter er det høgste verna fossefallet i Norge. Andre kjente fossar er
Feigumfossen i Luster,
Kjosfossen i Flåmsdalen og
Kvinnafossen mellom Leikanger og Hella.