I tidlegare tider var fjorden nesten den einaste ferdselsåra for å komma hit, men etter kvart har moderne veganlegg gjort det lett å komma til Sognefjorden frå alle kantar av landet.
Dersom du i dag veljer dei kortaste rutene til fjorden, tek det tre til fire timar å køyra frå Bergen, fire til seks timar frå Oslo og fem til seks timar frå Trondheim.
Widerøe har fleire daglege avgangar frå Oslo og Bergen direkte til Sogndal lufthamn. Flyturane tek om lag 30 minutt frå Bergen og 45 minutt frå Oslo.
Heile året har moderne ekspressbåtar daglege avgangar frå Bergen sentrum til Sogndal. På turen innom er desse båtane innom både Vik, Balestrand og Leikanger. Frå 1. mai til 30. september går det også dagleg ekspressbåt frå Bergen og heilt inn til Flåm. Denne båten har i tillegg korrespondanse midtfjords med ferjer til Gudvangen, Kaupanger og Lærdal.
Fleire gonger dagleg korresponderer tog frå og til Bergen og Oslo med den bratte og spennande Flåmsbana som går frå Myrdal stasjon på Bergensbanen til Flåm ved Aurlandsfjorden.
Komfortable ekspressbussar køyrer kvar dag til og frå Sognefjordområdet. Frå og til Oslo, Gol, Hemsedal, Fagernes, Lillehammer, Bergen, Trondheim og Lom. Frå og til Lom over Sognefjellet i sommarsesongen.
Det er lett å komme til Sognefjorden med bil. Å køyre dei vakre fjellovergangane som fører til Sognefjorden er ei stor oppleving i seg sjølv.
Kopier og lim inn denne koden på bloggen/hjemmesiden din/website
Forhåndsvisning
Den inste halvdelen av Sognefjorden ligg sentralt plassert i Sør-Noreg, på grensa mellom Austlandet og Vestlandet.
Korleis kjem eg til Sognefjorden?
Kilde:: Visitnorway
Dette tar lengre tid enn forventet.
Vi ber deg prøve på nytt senere. Gi oss gjerne beskjed hvis problemet oppstår på nytt, kontakt reservation@booknorway.no
Finn, sammenlign og bestill overnatting i Norge.
Beste utvalg av flyruter.
Sammenlign priser per reisemål på leiebiler fra Norges ledende aktører.
Garantert beste pris på ferger til og fra Norge.
Se alle oppføringer for Sognefjord area (86)