Gå till innehåll Gå till navigation
Øygarden

Øygarden på langs

Läste mer: Øygarden på langs - Luftfoto, Hernar Läste mer: Øygarden på langs - padling Läste mer: Øygarden på langs - strandliv Läste mer: Øygarden på langs - Hernar
Läste mer: Øygarden på langs - Luftfoto, Hernar
Läste mer: Øygarden på langs - padling
Läste mer: Øygarden på langs - strandliv
Läste mer: Øygarden på langs - Hernar

Kontaktinformation

Beskrivning

Øygarden med sine 550 øyer, holmar og skjær har et vakkert natur- og kulturlandskap. Du kan oppleve Øygarden på eiga hand, med buss frå Bergen og båt frå Hellesøy i nord. Nyt utsikta frå bussen på vegen over øyer og bruer, eller hopp av bussen og ta ein tur i Nordsjøløypa, fleire merkte turløyper både i Fjell og Øygarden. Når du dreg Øygarden på langs, er det fleire stader det kan vere verdt å besøkje.

Klyva
På Torsvik, om lag 30 minutt frå Bergen sentrum, kan Klyva aktivitetspark og villmarksleir tilby spennande aktivitetar for heile familien.

Kystmuseet & Øygarden Visningssenteret
Vel 10 minutt vidare mot nord, finn du Kystmuseet ved den vakre Ovågen. Her får du eit innblikk i kystkulturen, og ulike former for ressursutnytting gjennom dei siste 10 000 åra. I kafeen kan du nyte utsikta, ein kopp kaffi, nysteikte lappar eller ein saftig lakserull. Du kan òg leige robåt eller syklar. Berre ein kort båttur frå kaia kan du lære om havbruksnæringa på nært hald. Øygarden visingssenteret kan saman med Kystmuseet gi omvising, demonstrasjonar og informasjon om utviklinga av norsk og lokal havbruksnæring.

Adnestova
På Nordre Sæle ligg Adnestova, ei 300 år gammal stove frå eit klyngetun. Her får du høyre historier om livsvilkåra til fiskarbonden og fellesskapet i tunet gjennom hundreåra. Rundt Adnestova er det ein kysthage med urter, lyng, rododendron og andre plantar som kan blomstre året rundt. Hagen er open for publikum.

Hellesøy
Ein time og 17 bruer frå Bergen sentrum er du på Hellesøy, siste stoppet på bussturen, og eit ferieparadis for båtfolk, bussturistar, syklistar og folk på dagstur. Her kan Destination Hellesøy by på innkvartering i rorbu eller leilegheiter. Gjestehuset har mat frå eit internasjonalt kjøkken, og er saman med Butikken på Hellesøy ein naturleg samlingsstad for innbyggjarane og dei som besøkjer nordre Øygarden.

Lyngøy, Hernar, Sanden og Nordøysund
Ein kort båttur nord for Hellesøy finn du dei idylliske øyane Lyngøy, Hernar, Sanden og Nordøysund. Du kan velje å ta ein rundtur med båten, eller ”øyhoppe”. På desse øyane nord for Hellesøy er det berre på Hernar det er fastbuande (tolv innbyggjarar). Landhandelen her held ope etter rutetidene, og dei som kjem med båten får gjerne ein kopp kaffi når dei er innom. Hernar har vore eit knutepunkt for ferdsla til Vesterhavsøyane sidan norrøn tid og ein viktig handels- og gjestgivarstad dei siste hundreåra. Engasjerte folk frå Øygarden formidlar gjerne frå saga-øya Hernar. Ta kontakt med Kystmuseet for å gjere avtale om historieformidling.

FINN FRAM
Rutebussen (470-479) går frå busstasjonen i Bergen (perrong 11-12) eller frå Olav Kyrresgate (ved Peppe’s). Om du kjøper bussbillett til Hellesøy, kan du gå av bussen, besøkje Kystmuseet, og ta bussen vidare til Hellesøy same dag. Nedanfor har vi sett opp forslag til tre rundturar med utgangspunkt i buss frå Bergen og båt frå Hellesøy (mai-august). For andre tidspunkt, sjå www.tide.no og www.bnr.no. Kystmuseet har stengt på laurdagar.


Rundtur 1: Bergen - Kystmuseet - Hernar - Bergen

Kvardagar
10.08 Avgang busstasjonen (perrong 11-12)
11.20 Framkomst Kystmuseet
13.20 Avgang Kystmuseet
13.45 Framkomst Hellesøy
15.05*/15.50 Avgang Hellesøy med båt
15.20/16.05 Framkomst Hernar. Returen må avtalast!
16.45/17.20 Avgang Hernar (17.20 må avtalast)
17.05/17.40 Framkomst Hellesøy
17.10/18.10 Avgang Hellesøy med buss
18.50/19.55 Framkomst Bergen
*gjeld ons,tors,fre


Rundtur 2: Bergen - Hernar – Bergen

Kvardagar Laurdagar Søndagar
14.13 08.08 12.08 Avgang busstasjonen (perrong 11-12)
15.45 09.45 13.45 Framkomst Hellesøy
15.05*/15.50 09.50 13.45 Avgang Hellesøy med båt
15.20/16.05 10.05 14.00 Framkomst Hernar. Returen må avtalast!
16.45/17.20 16.40 16.50 Avgang Hernar (17.20 må avtalast)
17.05/17.40 17.00 17.10 Framkomst Hellesøy
17.10/18.10 19.40 17.10 Avgang Hellesøy med buss
18.50/19.55 21.25 18.55 Framkomst Bergen (Vestre Strømkai)
*gjeld ons,tors,fre

Rundtur 3: Bergen - Kystmuseet – Bergen

Kvardagar Søndagar
10.08 12.08 Avgang busstasjonen (perrong 11-12)
11.20 13.20 Framkomst Kystmuseet
14.30 17.30 Avgang Kystmuseet
15.50 18.55 Framkomst Bergen (Vestre Strømkai)

Kategorier

  • Naturattraktioner Naturattraktioner
  • Byggnader och monument Byggnader och monument
Dementerar
Denna websida innehåller information om produkter och tjänster från tredjepart, som kan komma från leverantörer av dessa produkterna/tjänsterna, eller en tredjepart. Även om vi efter bästa förmåga försöker hålla informationen korrekt och uppdaterad kan vi inte garantera för exaktheten i informationen. Information om pris och tillgänglighet kan ändras utan varsel. Du bör alltid dubbelkolla om informationen  stämmer överens med aktören av produkten eller tjänsten. Innovasjon Norge är inte på något sätt ersättningspliktig för krav som kan uppstå pga informationen som finns tillgänglig på denna websida. Innovasjon Norge är heller inte ansvarig för innehålet på de externa hemsidorna som det länkas till. Läs mer Se juridisk forbehold.

Mer om detta område

Att göra i Bergen

Ta del av Bergens spännande kulturliv. Närheten till naturen gör det också till en bra stad för utomhusaktiviteter.

Bergen

Bergen har småstadscharm och gemytlig atmosfär. Staden är en utmärkt utgångspunkt för dagsturer till fjordarna.

Reseinformation om Bergen

Det är lätt att ta sig till Bergen både från kontinenten och övriga Norge. Det finns goda förbindelser oavsett om du väljer flyg, tåg, bil eller båt.

Bergen om vintern

Under vintern finns utmärkta spår för längdskidåkning nära Bergen och för dem som gillar fart finns det fantastiska nedfarter för utförsåkning.

Sevärdheter i Bergen

Till huvudattraktionerna i Bergen hör Bryggen, linbanan Fløibanen, fiskmarknaden, Edvard Grieg-muséet och Fantoft stavkyrka.

Gratisaktiviteter i Bergen

Kan man åka på budgetsemester i Bergen? Jodå, det finns mycket att hitta på helt gratis i Norges näst största stad. Här följer några tips.

ANNONS

TEXTANNONS