Skip to main content
Unknown Component
civid: 5f74f731e1d91547d61722bc
name: plugins_common_social_share (widget)

Berre ein kjærleik - bokprat med Torvald Sund

Get tickets here

Berre ein kjærleik

Laurdag 6.desember kl.15.00 kan du vera med når Stjørdal bibliotek tappar i det litterære badekaret og innbyr til eit bokbad med Torvald Sund.

Denne gongen vil han fortelja om den nyaste boka si, «Berre ein kjærleik» , som avsluttar trilogien om fiskarbondefamilien Yttersia frå Fosen.

Dei to fyrste var «Seglet og dansen» (1999) og «Bøt nota, fang livet» (2016).

Som forfattar står Sund i den folkelege, trønderske forteljartradisjonen som har eit alvor som er stort nok til å romma humoren og det gjeld også denne utgjevinga.    

Handlinga i trilogien spenner over dei dramatiske åra mellom slutten av den fyrste og den andre verdskrigen  og skildrar eit samfunn der kvardagen er hard, men ikkje håplaus, så lenge ein har trua på kjærleiken.       

Medarangør er Stjørdal Mållag.

Tickets

Last Updated: 10/13/2025

Source: Hva skjer kalender

Berre ein kjærleik - bokprat med Torvald Sund

Tickets

Your recently viewed pages