TRAVEL ALERT! Important information about the Coronavirus situation in Norway
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Trøndelag Trøndelag TRONDHEIM

Vrimleseminar

  • Mæresvegen 214
  • +47 74134490
  • October 29, 2020
  •  /  6:00 PM
  •  /  Price 100,-
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

I 2021 er det tusen år sidan hovgode, Olve på Egg, vart drepen av Olav Haraldsson i samband med sommarblotet på Mære.

Drapet på den mektigast høvdingen i området skulle markere slutten på heidendomen, og kongen befalte bøndene å reise kyrkje der. Med dette gjorde han mange stormenn i Trøndelag harme, noko som fekk store konsekvensar for resultatet av slaget på Stiklestad ni år seinare.

Den katolske steinkyrkja som vart vigd til Jomfru Maria i år 1200 ligg flott til i kulturlandskapet på Mære. Den fekk gjennomgå store endringar kring reformasjonen og fram utover 1600-talet. Korleis har kyrkjerommet endra seg over tid? Kva er nytt, og kva heng att frå det gamle?

No går seks kunnskapsinstitusjonar i Trøndelag saman om å vise korleis mytane kring kristningsprosessen i Trøndelag bli synleg gjennom den materielle kulturen. 8 forskarar med ulik bakgrunn vil fram mot 1000 års jubileet for slaget på Mære belyse ulike problemstillingar, og gi oss ny kunnskap og forståing om kristningsporsessen, om Mære som religiøs stad og kva vi framleis bærer med oss av denne historia. Dette vil bli ei sterk fagleg opprusting fram mot nasjonaljubileet i 2030.

Første vrimleseminar blir den 29. oktober kl 18:00 i Mære kyrkje. Foredrag ved Bodil Østerås, Øystein Ekroll, Lars Forseth, Helle Vangen Stuedal, Margrethe Stang, Merete Røskaft, Geir Grønnesby og Caroline Fredriksen.

Det er kun plass til 40 stykkar, så her er det berre å melde seg på! Pris kr. 100,- inkl. kaffe. Betales ved ankomst.

Påmelding med navn, antall og mobilnummer på deltagere sendes på mail til maiken@snk.no

  • Last Updated: 10/15/2020
  • Source: Hva skjer kalender
Dates

Thu, October 29, 2020 6:00 PM 8:30 PM

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Vrimleseminar
Your Recently Viewed Pages