Innover viddene

Når dagsens kav og møde synet blindar,
når augo trøytnar og kan lite sjå
og gjenom hugen går dei myrke vindar
som bleikjer blad og blom og knekkjer strå,
ris fjellheimen med sine tindar lyfte mot himmelblå.
Innover - innover, vide ligg viddene der vi kan gå.

– Jan Magnus Bruheim

 
Solnedgang sottjønnbu.jpg

Kvar drøymer du om å gå?

17 unike fjellhytter i Reinheimen og Breheimen Nasjonalpark – eit alternativ for deg som søkjer stillheit og ro, overnatting i fantastiske omgjevnadar og samstundes ha alt dette for deg sjølv! Her fins store samanhengande villmarksområde med lite besøkte 2000 meters toppar og blinkande fiskevatn i synsranda. Ta med deg familie, vennene dine eller kjærasten – gå (topp)tur eller berre nyt utsikten over dei mektige fjellområda i Breheimen og Reinheimen frå hytteveggen. Turterreng og alternativ for alle, garantert køfritt! Hyttene ligg også glimrande til for “å gå frå hytte til hytte”.

Ein treng eigentleg ikkje så mykje for å ha det bra i fjellet, men ei lita hytte å koma fram til er uansett godt, dersom vinden er stri eller nedbøren har gjort deg kald etter ein lang dag ute. På hyttene våre er det det ein treng, verken meir eller mindre – berre hugs å ta med sovepose og mat, så har du din eigen «heim» i fjellet.

Booking gjer du enklast sjølv ved å gå inn på Inatur. Her finn du også informasjon om dei ulike hyttene. Ta gjerne kontakt med oss i Skjåk Almenning dersom du lurar på noko!

 
Lundadalen foto Per Dagsgard redustert str.JPG

På tur i Breheimen

Har du fyst besøkt Breheimen ein gong vil du mest sannsynleg lengte tilbake til isbrear, vakre fjelldalar og 2000 meters toppar!

Reinheimen tur topp Kathrine red.jpg

På tur i Reinheimen og Tafjordfjella

Om du likar lange fotturar eller fjellskiturar, gjerne frå hytte til hytte, er Reinheimen og Tafjordfjella i Skjåk rette staden for deg

Skjaak_Foto_CoreCom-10.jpg

Fjellhytter nær veg

Lange fjellturar passar ikkje for alle, men ein kan likevel sette pris på ein fjelltur og opphald på ein av fjellhyttene våre som ligg like inntil veg.