• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bordalsgjelet

GJELVANDRING MELLOM JETTEGRYTER

Djupt nede mellom dei steinskura fyllittberga i Bordalsgjelet buldrar det kvervlande elvevatnet. I eit sylskarpt samarbeid med harde slipesteinar har vatnet gjennom tusenår skore seg ned i fjellet – og gjer det framleis.

Voss kommune har laga ein naturstig inn i det tronge gjelet ved munningen av Bordalen og slik lagt til rette for ei gjeloppleving av dei sjeldne. Gjel er namnet på ein trong, elveskapt V-dal. Er V-dalane ekstra tronge, som Bordalsgjelet,er det gjerne eit prov på at dei er relativt unge. På same måten som i Tokagjelet utgjer Bordalsgjelet sambandet mellom ein gammal dal (Bordalen) og ein yngre dal (dalen der Vangsvatnet ligg). Dette ser vi best om vi tek turen opp i Bordalen. Gardane ligg på breie dalhyller på kvar side av den øvre delen av gjelet. Før istidene utgjorde desse hyllene dalbotnen. Elva rann då roleg i slakt lende ned til det gamle vossadalføret, som ved dette leitet låg vel 100 meter høgare enn i dag (a på teikninga). Under istidene vart hovuddalen graven djupare enn Bordalen (b). Etter at Vangsvatnet var grave ut, fekk så sideelva frå Bordalen større fall og meir energi – nok spenntak til å grava eit gjel.

Bergartane i Bordalsgjelet og elles i låglandet rundt Vangsvatnet er fyllitt. Fyllitt er lett å grava i for elvar som gjerne fører med seg hardare steinar langs botnen. Bordalselva følgjer to sprekkeretningar: nordvestsøraust og nordaust-sørvest. Elva endrar derfor ofte retning, slik ho gjer rett nedanfor Gjernesbrua, der elveløpet dannar ein 90° vinkel. Vidare innover har gjelet òg små rette vinklar som følgjer desse retningane. Grunnen til at gjelet er så trongt, er at skred frå sidene, som gjennom lang tid vil utvida den tronge dalen, ikkje har makta å halda tritt med elva si graving i botnen.

Vatnet må pressa seg fram i det tronge elveløpet, og ujamne fjellsider fører til kvervlar som dannar bakevjer der steinar slipar seg inn i fjellsida. Slik er dei halve jettegrytene rett under Gjernesbrua danna. Innover i gjelet er det restar av fleire gryter. Oppe i fjellsida kan ein sjå restane av gamle, delvis forvitra, tilsvarande slipingsskulpturar. Dei viser kvar vatnet rann på slutten av istida den gongen då gjelet var grunnare. No er gravinga i botnen sterkast under flaumperiodar, men det var nok endå meir vatn og betre tilgang på slipemiddel ved slutten av istida.

Vil du ha med deg ein botanisk godbit, skal du sjå etter moskusurt, ei lita plante som veks ved stigen i gjelet. Dei små og særmerkte blomane er grønfarga. Du ser dei best i mai.

  • Tre stadium i danninga av Bordalsgjelet

Tre stadium i danninga av Bordalsgjelet. (Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Håland, A.; Chapman, E. 1998. Ornitologisk status for 4 naturreservater i Voss/Hardanger-regionen. Vurderinger av trusler, skjøtselsbehov og tiltak for informasjonsformidling. NNI-rapport 19.
  • Skreden, S. A. 1967. Kvartærgeologiske undersøkelser i området Voss-Bolstadøyri samt Bordalen. Upublisert hovedoppgave,UiB.