Brettpadling, eller stand up paddle (SUP) surfing/boarding, eller på hawaiisk hoe he'e nalu, er ein veksande verdsomspennande sport med opphav frå Hawaii. Det er ei eldgamal form for surfing, og har blitt ein måte for surfere å padle lenger distansar. Du står på eit spesialdesigna surfebrett med noko meir volum, lengde og breidde enn eit vanleg surfebrett, og nyttar ei lang padleåre som ein fører langs sida av brettet.

Loen Active har seks enkle SUP brett til utleige på fjorden, samt to Mega-SUP brett for sju personar per brett for utleige på førespurnad. Leige av SUP brett inkluderer padleåre, redningsvest, våt- eller tørrdrakt og våtsko.

Prisar

2 timar: 390,- pr pers (pr mega SUP brett 1170,-)
3 timar: 590,- pr pers (pr mega SUP brett 1770,-)
1 dag: 840,- pr pers (pr mega SUP brett 2520,-)

Tel. +47 57 87 58 00 eller post@loenactive.no 

SUP padling på Loenbukta. Foto: Marius Beck Dahle

SUP padling på Loenbukta. Foto: Marius Beck Dahle